mandag 25. november 2013

Adventskalender / Pakkekalender

Dette er i bunn og grunn eit skryteinnlegg til hubby. Tenk kor grei han er som har kjøpt inn heile 12 småpakkar som eg skal få opne i desember. Til gjengjeld får han sjølvsagt 12 tilbake.
 Eg har vore heime hjå foreldra mine og sagt ned ei bjørk. Den vart litt mindre enn først tenkt si eg skulle ha den inn i Mini'en på¨veg heim, men det vart ganske greit likevel.
Dessverre for hubby så er han ikkje så flink til å pakke inn gåver med sirleg hand. Gåvene frå han ligg derfor i korga, og gåvene til han heng på treet. Det vart uansett litt fullt med 24 pakkar hengandes på ein gong.
-- 
Lurer du på kalenderreglane? Kvar pakke kan ikkje koste meir enn 30 kroner. Det er lov å kjøpe mindre ein dag og meir ein anna dag. Gåver som vert ekstra verdsatt er gåver som inneberer å bruke tid i lag: slik som heimelaga middag med oppvask, 1/2 times masasje eller golvvask. Då har me noko å gle oss til og over heilt fram til jul.

2 kommentarer:

  1. Så flott kalender med herlige gaver! Massasje og lage middag ilag var treff midt i hjertet her)
    Fin fin tirsdag til deg)
    Klem Camilla

    SvarSlett
  2. Ja, dette var vidunderlig! Ny følger her og hun vil ønske deg ei riktig god adventstid! :))
    Klem fra Anne <3

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!