onsdag 15. mai 2013

Bloggteknisk: bildestørrelse på facebook

Etter mykje om og men har eg no endeleg funne ut kor store bileta på forsidebiletet på facebook skal vera. På den private profilen min har eg ikkje brydd meg noko serleg om dette, men på bloggfacebooksida har eg ønska at den skal ha samme header som bloggen! 
For å sikre at biletet vises slik du vil bestemmer du altså proporsjonane sjølv: 850 px i lengde og 315 px høg. Profilbiletet er kvadratisk (men denne er jo igrunn ikkje vanskeleg).
I PhotoScape gjer du det slik:
Velg: Ny størrelse, og så endrar du proporsjonane til det du vil.

Håpar dette var til hjelp for nokon. Fleire bloggtips ser du her!
---
No står middagsoppvasken for tur i bloggeheimen. Alt for ikkje å lese til eksamen;) O fagre mai, med alt du har med av festdagar og tilhøyrande plikter og eksamenar!

mandag 13. mai 2013

DIY: Enkel dekor av kleshenger

I desse dagar jobbar eg med ei noko omdiskutert skjorte. 
Ei skjorte som skal vere ekstra fin, 
på ein dag dei på Vestlandet ikkje akkurat har meldt ekstra fint vêr. 
Denne skjorta har sjølvsagt namnet bunadskjorte. 

Ei staseleg bunadskjorte, som eg for første gong har strøke heilt sjølv (!) fortener staseleg oppheng. Det tok eg meg for litt sidan av ved hjelp av enkle kvite kleshengarar og finfine serviettar.

Framgongsmåten er enkel:
1) Riv av det øverste laget på servietten
2) Pensle/svampe på litt decoupagelim
3) Legg på servietten 
(eg kløpte ut mønsteret på mine for å få dei til å bli finare)
4) Tørk.
5) Pensle over eit lag som beskyttelse
6) Heng opp og/eller vis fram
(evt. gi bort i venninnegåve)

---
No MÅ eg få gjort noko med denne eksamenen eg har over meg. Eit sikkert teikn på at bloggen vaknar til live er ofte ei travel tid for bloggaren. I mitt tilfelle i alle fall. 
*fin måndag!

søndag 12. mai 2013

Bloggteknisk: facebook på bloggen

Fleire har spurt korleis eg får til facebookappen i sidebaren på bloggen her.
Eg skal prøve å gje ei forklaring!

1) Gå inn sida til facebook developers --> plugins.
2) Velg: Like Button
3) Kopier adressa til facebooksida di (mi blir: https://www.facebook.com/Vidunderleg)
4) Lim inn under Facebook Page URL
5) Sett ein verdi for breidde (With) (min sidebar er 270 px).
6) Velg om du vil at profilbileta skal vise (Show faces) og hak av.
7) Velg om kommentarer, instagrambilete og anna skal visast i strømmen (show stream)
8) Velg om du vil ha med eller uten facebookheader (Show header)
9) Få koden (Get code)
10) Du får opp to kodar. Du skal bruke begge!
11) Logg inn på blogspot. Velg Mal --> Rediger i HTML.
12) I kodefeltet: finn der det står: < body > (utan mellomrom mellom <>, men det vil ikkje blogger vise om eg publiserer i eitt ord!)
   (trykk: ctrl + f for å søke).
13) Lim inn den øverste koden. Husk å lagre malen!
18) Trykk så vidare inn på Utforming --> legg til gadget ---> HTML/JavaScript og lim inn koden.
14) Lagre!

Kanskje det var til hjelp!? 
Legg gjerne igjen ein melding i kommentarfeltet om du har spørsmål!
---
I dag skal eg prøve meg som effektiv student etter å ha gjort alt anna eg har hatt lyst til heile helga. Slik er det når me er så "dumme" å ta på oss ekstra studier utanom jobb. Det blir liksom litt tiiltak. Godt det snart er ferie!

fredag 10. mai 2013

På slang til mormorkopp

I dag er fridag. 
Fridag betyr lengre morgontur med hunden. 
Morgontur på ein fridag betyr eigentleg rundt lunsjtider.
 Dagens morgontur bragte med seg eit pit-stop hos naboen for ein kaffitår og litt livsnyting. 
På veg heim i frå naboen viste det seg at naboen hadde ein nabo med kvitveis i hekken sin.
 Erfaren dame på blomsterslang som eg er så kikka eg raskt rundt meg før eg tilfeldigvis raska med meg nokre knoppar heim. Den fine mormorkoppen har venta på dette augneblinket lenge.
 Mormorkoppen er ein av tre som har komme i hus. Dei er sjølvsagt kjøpt brukt, og no er me (eg) på jakt etter fleire.
Mormorkoppen er så fin og ven at den har fått stå framme til pynt på kjøkkenet i all si levetid hos oss. Den vart sjølvsagt svært så glad når den også fekk innpass i stova som blomstervase.
Kvitveisen gjer seg så godt i mormorkoppen (mormor har slike koppar, derav namnet) at eg klarer ikkje ha dårleg samvit for at eg kanskje ikkje spurte om lov før eg forsynte meg. Derimot har eg bestemt meg for at eit av sommarens hageprosjekt må vere å plante denne vakre blomsten. Går det an mon tru?
---
Helga her skal brukast til å byggje terrasse og lese til eksamen. Forhåpentlegvis får me gjort litt også! 
Lag deg ei god helg du også! 
(denne fruen har nemleg vore på kurs og lært nye uttrykk!)

torsdag 9. mai 2013

Fascinasjon

Av lys.
 Korleis det gir ulike uttryk til eit rom. 
Vårlys og høstlys.
 Då me diskuterte om me skulle leggje inn bud på huset her var dei store vindauga i stova noko av det som stod øvst på for-sida hos meg. Og at det er plass til fuglehus i treet utforbi!
 I dag er det regnvêrslys. Solgløttet me i Haugesund fekk sjå på formiddagen i går skulle visst ikkje vare  til fridagen. 

Rosene syns kanskje det er like greit.

I denne heimen plar ikkje rosene vare til dei er utsprungne. Eg er ein roseperson i ordets forstand at eg syns dei er ein fryd for auga. Dei plar ikkje leve så lenge i heimen min.

Ynskjer deg ein fin kristi himmelfartsdag. Me skal på middag til svigermor, og det er lova heimalaga sjokoladepudding til dessert. *luksus*
---
Rosepleietips utanom det vanlege mottas forresten med takk! 
Snitting, fjerning av torner og koking av vatnet er alle utprøvd, føebels utan serleg hell..

onsdag 1. mai 2013

- La det bli lys!

.. og omsider vart det lys også! 
I deler av stova hvertfall.
Og lyset, det var det han far som måtte opp med. Pappaen min altså. 
Han blei kanskje litt lurt stakkars. Han vart eigentleg berre invitert på middag.
Ein wannabe-flowerpot har altså komt opp over bordet. Lysekrona frå leiligheten trong å kvile seg litt (det var i alle fall det eg prøvde å overbevise mannen om).
Fine ute-blomster prydar det nesten 30 år gamle spisestovebordet. Dei skal ut, men først må våren komme for fullt. I skrivande stund er det meir haust enn vår utanfor dørene her
Skulesekken står klar. 
Skulestolen står klar.
Eg må visst jobbe litt, trass 1.mai.
---
No er det ikkje lenge igjen til bloggtreff på Haugalandet! Eg skal, skal du!?
---
Oppdatering:
Sjølv om eg var så dum at eg merkte bileta med vannmerke vil eg likevel delta med det nederste biletet i #bruktudellen. Arrangert av Finn.no, og månadens utfordring på NIB

Spisestovebordet med tilhøyrande stolar er arva frå foreldra mine. Dei kjøpte det dyrt då dei nett hadde gifta seg. Eg har malt det og trekt om stolane. 
Skuletolen er bruktkjøp. Kjøpt av finaste Mariefriis.

torsdag 25. april 2013

Praktisk og pent: Kjøkken

I staden for å gøyme bruksgjenstander bort i skap og skuffer, kva med å shine dei litt opp?

 Olje til steiking har fått plass på ei ny flaske. 
Plastflaska den kom i kunne gjenvinnast.
No kan olja stå framme uten at det skjemmer oss ut. 

Merkt med dymotape skal det vere lett også for mannlege gener å finna fram til rett olje.
Praktisk og pent.

--
Vestlandet tek igjen for alle soldagane me hadde under flyttinga i påsken denne veka. Regn. Regn. Regn. Kvelden i det nygamle huset skal herved nytast med ei (pensum)bok og ein kaffi. Det skal bli godt med helg i morgon!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...