Viser innlegg med etiketten Soverom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Soverom. Vis alle innlegg

lørdag 11. oktober 2014

Fargerikt soverom

Ein dose f a r g e på eit elles kvitt lerret.
 Soverommet skifta i sommar frå sort matt til lyst og kvitt. Eg har ikkje fortalt det til mannen enno, men no undrar eg på¨om det kanskje skal bli mørkeblått..? 
 Denne gong har soverommet fått ein dose haust. Etter ei veke i New York med sol og varm trafikkluft var det deiligt å stå opp til haust her heime i dag. Haust for meg er den deilige kalde lufta og dei fine fargane naturen pyntar seg med.
På soverommet kan det godt vere fargar på tekstiler og vegger, men etter ei veke i NY på ei knallhard seng veit eg veldig godt at det er senga og eit mjukt, deilig og mjukt sengesett som er høgast verdsatt. *smil*
Dette er mitt fargerike soverom, eit bidrag til Norske interiørbloggarar si utfordring i Oktober. Sjå her for andre flotte bidrag.

torsdag 6. mars 2014

S O V E R O M

G U L T   E R  K U L T
og når det berre er litt over fem veker igjen til påske, då kjenner eg det er på sin plass å ta fargen i bruk igjen.
Soveromsveggen vart malt svart i haust, men no når våren er over oss kjenner eg behov for meir farge igjen.


Ein gul detalj på ei pute,
Eller gule blomster i ein pose. Har høyrt det er bra med blomster på soverommet..?
Med ønske om to gode dagar fram mot helg! Tenk, då er det faktisk berre fem veker til påske!
---
Med dette innlegget viser eg ikkje berre fram den mest private sona i huset, men eg deltar også i NIB si utfordring om å dele sitt soverom. Sjå her for fleire fine bidrag!

onsdag 5. mars 2014

Gjestesoverom på budsjett

Gjestesoverommet vårt, innreda etter ei slunken lommebok. Mannen seier me ikkje må gjere det for komfortabelt, for gjestene må jo ikkje flytte inn heller.
Det er sjølvsagt berre tull. Sanninga er at me reiste heilt til Stavanger for å kjøpe ei meir komfortabel gjesteseng. Bestemte oss for at ikea si dobbeltseng på 150 måtte vere godt nok. Etter eit (for mannen) evig kaos, fekk me endeleg betalt. Vidare måtte me over vegen for å hente madrass og tilbehør og ut med varene i ein øydelagt tilhengar. Me var på veg til å setje oss inn i bilen då min betre halvdel kom til å tenkje på trappa opp til andre etasje på ingen måte er brei nok til å få opp ei 150 madrass. 

Enden på visa var at me måtte kjøre med madrassa over vegen til ikea igjen (sjølvsagt denne gong i rushtrafikk), stå i kø i returavdelingen og levere heile senga tilbake.
--
Med dette innlegget er eg med i norskeinteriørbloggarar si utfordring om å vise fram soverommet. Klikk deg inn for å sjå fleire fine bidrag!

onsdag 4. desember 2013

Makover på soverommet

 Dør fra kjellaren som midlertidig hodegavl.
 Soverommets julepynt.
 Svart og kvitt.

Soverommet i vinterdrakt. Svart og kvitt. Slik eg vil ha det nett no. Det eg trivst med.
--
Historie fra virkeligheten: Hubby kom trøytt og sliten heim frå overtidsjobbing. Fruen hadde dratt opp døra du ser ovanfor heile vegen frå kjellaren og oppi senga. Mann legg seg ned for å strekke ut ryggen: bang, ei dør i hovudet. (Han hadde fått beskjed om at han kunne hjelpe til med å feste døra til veggen altså)

onsdag 20. februar 2013

Før/etter: leiligheten rom for rom

Eg syns det er litt kos å sjå korleis ulike personar med ulik smak får fram ulike uttrykk i samme heimen. Leiligheten me no har solgt har me ikkje gjort mykje med. Det var heller ikkje meiningen då me kjøpte. Studier, tid og økonomi var årsaken til me valde ein leilighet der me slapp å gjere dei heilt store endringane. Noko ser eg likevel det har blitt. Vil du sjå?
 Kjøkkenet er i ok stand og ser greit ut. Einaste endringen her er tavlemaling over kjøkkenbenken. Nok eit prosjekt som tok form rett før eksamen medan mannen var på jobbreis. Knis. 

 "Spisedelen" av kjøkkenet har ikkje blitt brukt til bespisning av oss. Valde å plassere kjøleskapet i hjørnet for å få meir luft. Litt mindre kjøleskap (og eit par år eldre, ikkje akkurat smeg) har me også i forhold til forrige eigar.
 Spisestova er rett innenfor kjøkkenet. I det nye huset vil me få open løysning, det gler eg meg enormt til! Spisestova har faktisk pleid å bytte plass med apotekerdisken alt etter om det er sommer eller vinter. Ommøblering er også noko som helst skjer medan mannen er ute av heimen.
  (Då får eg det som eg vil sjølv!)
Stova har me malt kvit. Samme med kjøkkenet. Gjort på ei helg, sjølv om det tok litt tid før me satte i gong. Tapeten er den samme. Me ville ikkje bruke tid og pengar på å bytte ut til ein tapet me likte i tilfelle neste eigar ikkje likte den, så me lot den stå. Ellers er hyllene dei same som stod igjen etter dei me kjøpte av. Me har også valt å plassere sofaen litt annleis (og meir praktisk).
Sist, men ikkje minst: soverommet. Eg klarer aldri å lage senga slik den ser ut i fine blader og på hotell!!  Har sukka og stønna over visningsannonser tidlegare der dei ikkje har sengeteppe, men så kunne eg ikkje bruke sengeteppet sjølv! Den turkise fargen passa liksom ikkje inn! 
Soverommet er også malt i lysare fargar, som har gjort underverker for sovehjarta mitt om morgonen! Ser ut til at eg må fram med malerkosten i nytt hus også! Dette rommet, og kjøkkenet, er forøvrig det einaste rommet med gardiner. Mon tru om ny eigar er enig i det valet!?

Eg må innrømme eg syns det har vore litt rart å ha heimen min ute for salg på finn. Open for at alle kan uttrykkje sine meiningar om korleis me har det liksom. Not cool. Og det kjem frå ei som finn glede av å vise fram heimen sin via sosiale medier. Eg er visst ikkje skrudd saman heilt rett. Fnis. 

Ha ein god kveld vidare!

---

This is my home. How it was when we bought it and how it looks like now. I like to see how much a bit paint and some white can do to a home. Different people, different styles. Change is good!

onsdag 23. januar 2013

soverom // real life

For anledningen har eg valt å re opp senga. 
Det skjer ikkje kvar dag.
Haugen på og i nattbordet blir verande.
Den er i bruk.
Iphoneladaren ligg klar til bruk på golvet.
men dei skitne sokkane frå herremannen (eg har sjølvsagt ikkje slike) heiv eg til vask

 Sengetøyet er sjølvsagt nystrøket.

For å få inn nok lys til å i det heile tatt ta bilder måtte eg ta opp rullegardina.

This is real life. Slik det er.
Kjenner du deg igjen?
---
Til alle søte mennesker som liker Vidunderleg på facebook og instagram: Takk!

tirsdag 25. september 2012

Før/Etter: Soverom

Når ein har brukt nokre timar med malarkosten og det tilhøyrande spannet er det liksom kjekt å sjå tilbake på det som ein gong var. No kom eg sjølvsagt ikkje på å ta bilete av soverommet før me malte, men eg viser ved biletet frå prospektet. Slik såg det altså ut då me kjøpte det:
Og slik ser det ut no. Fleire bilete ser duher

fredag 21. september 2012

Nytt soverom

..på budsjett!
Viser her eit glimt av resultatet etter dei to (!) siste vekers arbeid! Alt me har gjort er å male vegger og lister, men det tek si tid å bli ferdig gitt!

Ingenting nytt er kjøpt inn. Hekla sengeteppe frå farmor (har brukt den til duk) rekk over halve senga. Dei kvite trekassane var nattbord også tidlegare då soverommet var gult. Syns dei kom betre til si rett no!

Skriften på plakaten (enkelt og greit printa ut og hengt opp med tape) lyder slik:
I'm always most creative right before I fall asleep.
Kjenner du deg igjen?

God helg!!