lørdag 23. november 2013

Til julefrokosten: horn med fibramel

Om det er lenge til julefrokosten er dei like gode til kvelds. Eller lunsj. Eller i staden for baguettar eller tilsvarande til middagsmat. 
 Me har nemleg prøvd å ete litt sunnare i haust, og då har eg brukt fibramel til å bake med. Fibramel er mykje enklare å bake med enn til dømes sammalt mel, og resultatet vert heller ikkje så verst.
Oppskrift på horn med fibramel:
  • 1 pk gjær
  • 6 dl vatn/ekstra lett melk
  • litt sukker
  • ca 1 ts salt
  • 5 ms olje
  • 8 dl fibramel
  • ca 6-7 dl hvetemel


Pynt: havregryn eller sesamfrø.
  1. Bland alt det tørre i ei bakebolle.
  2. Bland olje og vatn/melk og varm opp til ein temperatur på ca 37 C
  3. Hev deigen til dobbel storleik.
  4. Del deigen opp i fire like store emner og kjevl dei ut til ein sirkel med diameter på 30-40 cm
  5. Del opp sirkelen som ein grandiosa (det er i alle fall kva eg forklarer elevane mine, då deler dei opp i ca 8 like store deler).
  6. Rull saman til horn.
  7. Legg på bakepapirkledd plate med spissen ned.
  8. Etterhev til dei går sakte tilbake ved eit lett fingeravtrykk.
  9. Dusj eller pensle med vatn rett før steiking.
  10. Avkjøl på rist for å sleppe ut fuktigheit.


Eg plar fryse mine horn og tine dei i mikroen før servering. Då smakar dei alltid som nybakt.

1 kommentar:

  1. Dette såg så godt ut,horn er jo kjempegodt og nydelige bilder du viser:)
    Ønsker deg ei fin ny veke!
    Klem fra lillian

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!