onsdag 27. november 2013

Julegaveinnpakning

År etter år tenkjer eg at jula skal bli kvit og rein og fin, likevel kjem eg ikkje utanom den friske raudtonen denne jula heller. Det same gjeld på pakkane.
Med mitt tolmod kan eg ikkje setje i gong med noko scrappe-prosess ved gåveinnpakkningen. Det bør helst gå litt fort.
I år vart derfor løysninga å bruke gåvepapir over gråpapiret, svart hyssing med ein liten kvast kristorn frå hagen. Gråpapiret kan tidvis bli gjennomsiktig, så eg vart igrunn nøgd med valet.
Det eg likte best sjølv med utforminga var at den er enkel å variere med andre typar pair, men det vil likevel passe saman.
Eg må berre passe på at dei freistande raude bæra ikkje kjem i nærheten av munnen til små småtroll. 
--
Legg gjerne igjen link i kommentarfeltet om du har komme på noko raskt og dekorativt på gavefronten. Eg lar meg gjerne inspirere!
--
Julegåveinnpakningen i fjor var litt meir avansert. Den ser du her!

1 kommentar:

  1. Kjempefin innpakkning:))
    Fine dag til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!