Viser innlegg med etiketten Ferie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ferie. Vis alle innlegg

torsdag 25. juli 2013

Lys på terrassen

Endeleg!
Ferdig laga terrasse.
Ferdig sydde vimplar (av voksduk!)

 Ferdig malte møblar.
(Fått av ein snill kollega. Dei var ikkje så fine då, men er nydelege no!)

Sist, men ikkje minst:
spottane i golvet er på plass rundt heile terrassen og det er deilig kveldstemning!
(Takk til den supre pappaen min som fiksa strøm!)
Desse bileta vart tekne kvart over 10 i kveld, og det er framleis litt lys. Me kjente oss litt crazy i kveld (kanskje me har fått solstikk!?) og tok både kaffi og kjeks ute. Midt i leggjetida. Godt det snart er ferie igjen!
--
Håpar du nyt sommaren der du er! Det gjer me! Litt ferie til. Og litt beising av terrasse står for tur. 

onsdag 10. oktober 2012

Asiaopplevelser

Å vandre gatelangs i shorts og t-skjorte i oktober er ei oppleving i seg sjølv. Enda meir uverkeleg kjennest det når språket, skrifta, menneskene og lyktene er totalt ukjente, plutseleg er eg ein attraksjon med mine blå auger og lyse hår. Rart.

Korea har vel 50 millionar innbyggerar. Språket er koreansk og innbyggjarane har mongolsk opphav. Luktene er intense. Maten består av ris og nudler. Den er sterk. Svært sterk. Enorme mengder nye inntrykk og impulser.

Landet har dei siste 30 årene opplevd økonomisk oppgang. Det oppleves likevel surrealistisk for ein nordbuar å sjå at dei tørker både tang og tare, ris og chili gatelangs. Der det er ein jordflekk til overs, der dyrkar dei også grønnsaker. Ikkje langt unna ligg det store departement stores, ala USA's Macy's. Kontrastane er store.

I nabogatene sel dei fisk og krabbe. Ikkje berre torsk, lur og sei, men alt havet har å tilby. Då meiner eg alt. Luktene inviterer ikkje til smaksprøver, men synet er fascinerande i seg sjølv.

Krabben ovanfor spreia med beina. Ved sidan av låg det vanlege skjell som opna og lukka seg. Rett bortenfor tankar med symjande fisk i alle storleiker. Ingen tvil om at den er fersk.

Fabelaktig har ei utfordring gåande om kva som er drømmeferien. Dette er mitt bidrag!

Fredag venter storshopping i Busan. Det blir nok igjen ei heilt anna oppleving enn det bileta ovanfor taler om!

No viser klokka på denne sida av kloden natt. Til de andre: ha ein god dag vidare!

onsdag 1. august 2012

feriestein og rust

stein frå ei strand på rhodos
(er det lov å ha med seg slike heim i bagasjen?)
og litt rusta lanterner som har måtte tåle litt for mykje vestlandsommar.

Her ventar nokre timar på jobb. Eg har framleis eit lite håp om at det skal vere litt sol igjen til meg på terrassen når eg kjem heim. Kjenner det er lenge sidan gassgrillen har fått svingt seg (fyrt seg?)

Ha ein god 1. august!

tirsdag 17. juli 2012

Venne seg til

Å vere på ferie er hardt!
 



Bikinien som har vore godt bevart i ei skuff heile sommaren blir no brukt kvar dag.
 



Me et lunch med utsikt over havet.
 



Får nye impulsar frå oldtiden.
 



Køyrer buss med ope tak medan sola steiker på kroppen og sjøbrisen ruskar lett i håret.
 



Ser på rare planter som igrunn hadde gjort seg som eit fint dekorelement i stova.
 



Og slenger varme og hovne bein høgt i skyggen for å innta dagens frappuchino.

 

Det er i grunn litt fint også, det å vere på ferie. Eg håpar du også klarer å nyte late dagar, det gjer me!

Framleis god sommar!

 

lørdag 14. juli 2012

Verdas finaste

Mjølkespann!!

Og verdas snillaste svigerfar!!

Heile seks gårdar var han innom medan han var på ferie for å få tak i dette til meg. Eg sit igjen med ei kjensle over at eg burde vere flau, men så er det så ufatteleg fint at eg kan ikkje ta augo vekk i frå det!

Gode, fine bulkar som tyder på år med bruk. Gamle ting med sjarm er noko av det flotteste eg veit!!

Ha ei god helg vidare! Me sit på flyplassen og gjer oss klar til ei veke med sol!!

 

tirsdag 10. juli 2012

Instamoments

Eg har teke ferie. Ferie frå heile datamaskinen. Faktisk så har den ikkje vore på sidan siste innlevering av eksamen og siste elevarbeid var retta. Det har vore ganske godt i grunn.

Sidan då har eg gjort det eg har lyst til! Eg har bakt.
Eg har vore på Ulriken.
Der smakte eg kanelboller og drakk kaffi.
Vel heime har eg jobba litt. Eg har fått innvia solhatten min, og dei knasjne raybans'ene til mannen.

Alt dette er vel dokumentert på Facebook og instagram. Følg meg gjerne på Vidunderleg begge plassar. Dette i nnlegget er ein test av bloggerapp'en, og er nok like rotete som det innleggene kjem til å vera framover!

Eg ynskjer deg og dine ein gledeleg sommar, fylt med god tid til kvarandre, glede, sol, latter og gøy! Slikt som høyrer sommaren til!

søndag 25. september 2011

Vidunderleg arkitektur

frå Roma.
Arkitektur er noko av det som fascinerer meg mest når eg er på reis. Desse fantastiske søylene omringa oss i det me sto i kø for å komma inn i Peterskyrkja. Det biletet ikkje syner er alle menneskene som stod i kø under dei majestetiske lampane, som venta i tolmod og ærefrykt. 

Eg kan ikkje tenkja meg ein plass eg heller vil stå i kø igjen. 
Majestetisk.
Vidunderleg.
Ærefullt.




fredag 17. juni 2011

Fin dag

= å kunna nyta frokosten på terrassen før jobb!
(biletet er frå i går, då det faktisk var sol under frokosten.. I dag er sola bestilt til i ettermiddag..!)
I dag er det prikkedagar i sentrum, og eg skal selga billege sko før eg skal på husmorferie til Stord. 

Livet er fint om dagen.
Ha ei fin helg!