mandag 10. juni 2013

Kjøkkentilbehør

I min streben etter å gjere kjøkkenet i vårt nygamle hus til mitt vårt har det no komt inn ein fjong skiferstein frå hagen. Ganske kult, syns eg.
 Steinen er ein av fleire som vart til overs når den flinke mannen min (smiske, smiske, les du bloggen min husbond?) lagar terrasse til meg. Terrassen blir tre gongar så stor som den som var når me kjøpte huset.
 Amundsen spesial sponsa bloggtreffet med fantastiske produkt frå Jamie Oliver: Jme. Pesto, Olivenolje og Oliven vart med heim i posen. Like fantastiske på smak som dei er i design. Amundsen har vore min favoritt si dei opna her i Haugesund, og no har dei fått nettbutikk!
Tavla du skimtar i bakgrunnen skal liksom hjelpe oss med å planlegge middagana. Ikkje så veldig vellukka prosjekt. Først skreiv me dag for dag. Det gjekk ei stund, men så passa det ikkje å lage kjøttkaker den dagen for då hadde me ikkje tid. Eg byrja derfor skrive opp alt me hadde av ingredienser til middag, men me er ikkje noko serlig betre på det.. Nokon betre forslag?
--
I dag er det hvertfall måndag. Måndag skal vere sunn dag. Starte veka godt;)
God vekestart til deg.

7 kommentarer:

  1. Så fin steinen ble på kjøkkenet:)
    Hihi,kjenne til den uke meny planleggeren;)men den er nå fin til pynt og da:)

    Finaste ukestart ønskes til deg!
    Klem Siv Mette

    SvarSlett
  2. Knallfine steinen på kjøkkenet og du som bytte for at mammo strikker puta me fekk garn til på bloggtreffet så fekk ho dei to du har på bildet og,unntatt olivenolje,er ikkje så veldig flink i matveien og holder meg til det som er saft,Hihi:)
    Håper du nyter sola som me er så heldige med!
    Fine kveld til deg❤
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  3. Jammen det var ein god ide! Eg er stor fan av å samla ting, om det er på ei skifer helle eller fat, blir liksom meir ryddig då :-) Me har prøvd mange gonger å laga ukeplan for middag, handling etc. Like mislykka kvar gong, dessverre... Så ingen tips frå meg.

    Klem Eli

    SvarSlett
  4. LEKKERT på kjøkkenbenken din altså:)

    Klemmer

    SvarSlett
  5. Lekkertsmekkert :)
    Fekk jammen lyst å herme litt;) Kanskje eg skal snike med meg ei takhelle og to fra bror min:) (Ja eg skal sjølvklart bere ta om eg får lov ;) )
    Ha ein fine kveld! ¨
    Gina

    SvarSlett
  6. Så fint da blei:)
    Når eg lage middagsplan ser eg på dei planane me har den neste veka, og velge retta etter kor god tid me har dei ulike dagane. Litt forberedelsa dagen før gjere at det går raskare å lage middag dei dagane ein har dårlig tid, i kveld har eg kokt poteter og då går det veldig raskt og laga potetsalat til laksen me skal ha i mårå feks. Me har ein aktivitetskallender og der har me ei kolonne for meg, ei for mannen, ei for felles og ei for middag. Viss eg kjøpe inn noko og putte i frysen, skrive eg det opp til middag no og om ein måne (så eg ikkje glømme at eg har det i frysen). Lykke til:)

    SvarSlett
  7. Stilig bruk av steinen :)
    Vi lager meny for en uke av gangen og lager handleliste etter den; prøver å handle bare en gang i uka. Prøver å lage menyen ut fra hva vi skal i løpet av uka. Nå for tiden sjekker jeg også litt på værmeldingen; om det bør være innemat eller utemat :)
    Ha en flott helg!
    -Ingrid

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!