søndag 23. juni 2013

Rabarbrapai

Den beste og enklaste paien eg veit, og du skal få oppskrift!

Med oss heim frå besøket i går fekk me nemleg 3 kg rabarbra, og i dag er noko av denne blitt til pai. Ein pai som er rask å lage, og som fint kan erstatta den tradisjonelle kvikklunchmelkesjokoladen denne lørdagen.

Den blir kanskje ikkje den finaste å sjå til estetisk sett si den er utan bunn og med lokk på toppen. Tipset her (og for alle smuldredeigar) er å kjevle deigen mellom plastfolie. Eit lag for å dekkje bakebordet, og eit lag over. Då blir den nesten presentabel. Med litt perlesukker på toppen blir den litt sur og litt søt.

Rabarbrapai 
Smuldredeig:
·         2 dl hvetemel
·         125 gr margarin
·         1 ss sukker
Fyll:
·         500 gr rabarbra
·         2,5 dl sukker
·         2 ss potetmel
Ha i ei rund paiform med 18 cm diameter. I steikeovnen: 225 C midt i ovnen i 25 minutt.

1 porsjon gir ca 8 stykker

  1.       Smuldre hvetemel og smør, bland sukker i.
  2.       Skyll rabarbraene og skjær dei i stykker à 2 cm.
  3.       Bland sukker med potetmel. 
  4.       Legg rabarbraene i eit smurt ovnsfast fat.
  5.       Dryss sukker med potetmel over rabarbraene.
  6.       Rist fatet så sukker og potetmel fordeles mellom rabarbrastykkene.
  7.       Fordel smuldredeigen over rabarbraene.
  8.       Sett fatet i en forvarma ovn ved 225° i ca 25 min.
  9.      Husk at smuldredeig ikkje skal arbeidas for mykje med for då krympar den.

Paien kan serveras lunken med krem, vaniljeis eller vaniljekrem til. Eventuelt kan stikkelsbær, matepler og andre syrlige frukter erstatta rabarbraen i denne oppskrifta. 

Faktisk så serverte me denne då me var oppe i praktisk eksamen i mat og helse på lærarskulen. Då med ekstra god rabarbra frå Færøyane. Det gjekk veldig bra, og paien har vore ein hit her i huset sidan. 
No er her beina høgt! Det tek på å ha sin første feriedag *smil*
---
Ha ei fortsatt god helg! Eg har invitert mine foreldre innom på pai. Det vil seie, om det er meir igjen ;)

3 kommentarer:

  1. Oii,trur aldri eg har smakt rababrapai;))
    Kanskje eg burde prøve:))
    Ha ei fortsatt fine helg!
    Klemz..

    SvarSlett
  2. ser jo bare helt fantastisk ut!!!

    Ha en fin dag!!
    Klem

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!