onsdag 9. mai 2012

DIY: Hjerter og uterom

Vestlandsvêret dei siste dagane har ikkje akkurat vore noko å skryte av, så derfor viser eg bileter frå veka før. Frå før det kom snø og fire årstider i løpet av same dag. Frå då sola skein og me trudde me hadde fått vår. 

Det kjennes godt å kunne ta pledd og pensumbøker med ut på terrassen. Nyte sola som varmar kinna saman med god, gammaldags traktekaffi.

Over sofaen ser du hjerter laga på same måte som bordskånarane her. Naturlege treperler er tredd inn på metalltråd og hengt opp på veggen for å bli prega av vêr og vind.
Om ikkje lenge satsar eg på at eg kan flytte ut igjen, men først må sola komme og vinden stilne.
Ha ein god blåsbortdag!

3 kommentarer:

  1. Fiiint!! Flink du e Heidi!! :) Eg håpe på å få dela noen kveldar med deg her, når både du og eg e ferdig med eksamen og solå skinne? :D God eksamenslesing!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er jo ein god motivasjon for oss begge i hardkjøret!!

      Slett
  2. Eg oppdaga bloggen din fyrst i går, og etter å ha bladd meg langt tilbake var det klart at eg har fått meg ein ny favoritt! Mange kjekke DIY-prosjekt, og eit ekstra pluss at du skriv på nynorsk! ;-)

    Helsing ny følgar!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!