onsdag 16. mai 2012

lyslenke på ein raud dag

Ja, no tenkjer du kanskje at eg trur at 16. mai er ein raud dag. Det trur eg ikkje. Sjølv om eg kanskje hadde trengt ein raud dag før festdagen til å gjere alt eg ikkje får tid til før festdagen. Som å stryke bunadskjorta (det gjorde eg i går altså) eller som å lage ei fin festkake. Men, neida, det er ikkje slik å forstå. Og dessutan, det er meg fortalt at ein ikkje skal arbeide på raude dagar. Og det å stryke bunadskjorte, det ser eg på som arbeid!
Eg vil berre vise min raude inspirasjon til dagen i morgon. Sidan det ikkje akkurat bugnar av friske fargar i heimen etter mykje lesing til eksamen. Og så vil eg vise den fantastiske lyslenka mi. Den heng over døra på veg inn til kjøkkenet. Om enn litt usikker på kor lenge. Den har nemleg solcellebatteri, slik at planen er å henge den ut.. Meeen, det var dette vêret då..
Vêret på Vestlandet bidrar ikkje akkurat til feststemning i kveld. Forhåpentligvis regnar det frå seg slik at det blir mogeleg å ha bunad på seg i toget i morgon. På biletet synes julepresangen frå svigerfar. Handlaga og sjølvsnekkra og heimemåla. Eit fantastisk stykke arbeid av noko som ligg meg nært til hjarta.

Ein vakker bil med verdas (synes eg) smedigaste design. Bilen eg har ønska meg sidan eg var lita jente. Bilen som eg førebels kun får som leike- eller usbutgåver. Ser du kva type bil det er?

For å toppe det raude, eller for å finne den raude tråden i innlegget, avsluttar eg med jordbær og ein elska kaffimaskin (som tilfeldigvis er dekorert med raude kapslar). 

Ha ein god 16.mai kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!