tirsdag 8. mai 2012

DIY: Lyslenke

Dette trur eg må vere det lettaste "eksamensprosjektet" eg har utført på lenge. Tok meg kanskje fire minuttar, inkludert leiting etter skalpellen min!
Eg visste at Rice koppane eg kjøpe av dei søte AnnaJohanna jentene ikkje skulle få æren av å bli servert til utakknemlige mennesker utan elsk for koppar. Det er dei for fine til. I ettertid har eg også sett at Søstrene Grene har mange billige og fine koppar som kan brukast til å servere venner som ikkje veit å verdsetje koppar like mykje som meg. Rice koppane måtte derimot få bli brukt med kjærleik!

Kva er vel meir kjærleik enn ei vakker lyslenke? Det synes ikkje så godt på biletet fordi det er lyst, men når skumringen kjem og me har grillbesøk på terrassen er desse perfekte! Framgongsmåten er også så lett at den må delast:
* fine koppar snus opp ned
* med blyant krysser du ut midten av botn
* med skalpell eller kniv skjer du eit kryss i botn
* så presser du berre lyset gjennom krysset i botn og heng opp!

Mi lyslenke er frå Clas Olson. Eg har også ei tilsvarande frå Indiska, men denne er med perledekor. Kanskje det må lagast ei lyslenke til seinare!? 

2 kommentarer:

  1. oi den var fin! kjempelurt:) der er jo så mange fine pappkrus der ute - som jeg synes er bare for fine til å kjøpe i og bruke en gang! så dette vil jeg prøve meg på en dag:)
    super blogg du har altså! kjempekjekk!
    june:)

    SvarSlett
  2. hehe, fantastisk herleg skrevet:) Eg kjøper også flotte ting som eg synes er for gale å bruka på gjester og anna "tull" ;)
    Idèen var super, skal legga den på minne :)
    Klen Gina

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!