søndag 5. februar 2012

Fint selskap

..er det når nesten 20 bloggerar frå heile Haugalandet møtest for å slå av ein prat.
Med felles interesse er alder ingen hindring. Praten går i eitt. Snøen ligg stilt og fint ute. 
MarieFriis med bloggen under samme navn, vertinne og del ein av duoen som arrangerer, har pynta med fine pompoms. Slike skal eg også laga ein dag. Eg stjal med meg min heim, slik at eg har noko å sjå på når eg skal øva meg.

Fine gaver var utstilt over alt. Veroncia med bloggen Hjelp, jeg er blitt mamma, er den andre delen i arrangørduoen. Ho hadde fått mange fine "sponsorar" til treffet:
Tante Pose bidro med kjempe gode karameller
Fru Emma kom med en søt lykt fra Bloomingville
Søstrene Grene bidro med drops, sugerør (med hull i begge endar) og ei fin krukke
Amundsen Spesial bidro med te, sjokolade og snop
Storeys gav oss hver vår rull med tapet
Ølen Møbel bidro med 3 ruller washitape og Tine K ring (fiiin!)
Fru Dagmar& me bidro med såpe og sinkfat
- Fra Falby fekk kvar av oss eit gavekort på 200kr!
Indiska bidro med premier til 2 heldige
Mammabutikken gav også 2 premier.
- Indesign finner du HER. Dei hadde fin appell om vårens trendar.
(denne fantastiske oppramsinga har eg heilt og holdent stole frå Silje med bloggen Siljes blogg
Litt fordi eg kan lenka vidare til den fine bloggen hennar, og litt fordi eg er lat! Håpar det er greit Silje!) 

Alle som ein falt i smak. Altså, eg vann ikkje den frå mammabutikken. 
Den hadde kanskje ikkje passa så godt.
Om litt skal eg leggja ut min (første) giwe way med ein av gavene. 
Følg med, følg med.
Kva er vell eit treff utan mat? Dette intet unntak. Ser no av bileta at eg berre fekk med meg den "sunne" maten. Tru meg, det var mykje anna godt også som ikkje hadde ordet salat i seg. 
Sprikkmett!

Bloggtreff er gøy.
*smil* 

5 kommentarer:

  1. Så fine bilder du har frå laurdagen Heidi!
    Det var skikkelig kjekt å treffe deg, og eg håpar me kan treffast igjen ein gong :)

    Ekstra kjekt å følge bloggen din no når eg veit kven du er ;)

    Ønsker deg ein super måndag og vekestart!

    Klem Helene

    SvarSlett
  2. Tak, det samme! Håpar å få til fleire slike treff framover! Kjekt å kjenne andre med samme interesse!!

    God måndag til deg også!!

    SvarSlett
  3. Veldig kjekt å treffes, og fiiine bilder fra dagen :) Lillegull sover, og jeg koser meg med å bli kjent på bloggene til dere flotte damer :)

    SvarSlett
  4. Det var så kjekt og ja, det må gjentas :-)

    Flott blogg du har!!
    Ha en fin dag!

    SvarSlett
  5. Takk for det, begge to! Det gledar eit vestlandshjarta!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!