lørdag 4. februar 2012

Nye uttrykk

Vestlandet har fått snø. Det er kaldt, det er vakkert og det er eit heilt nytt landskap. Eg likar korleis det kvite gir alt ein ny utsjånad. Eit nytt uttrykk.

Utanfor døra har det lenge sett så trist ut. Då eg kom heim frå jobb i går var alt dekka av eit kvitt teppe. Fint, synest eg!
I dag skal eg på bloggtreff. Det blir spanande. 

Ryktene seier me får besøk. Eg håpar på ny inspirasjon til nye uttrykk. 

Ha ein god lørdag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!