lørdag 13. august 2011

DIY: Fest på terrassen

..blir det grilling og kos på terrassen..!
Samson tok ansvar og inviterte få, men utvalte på ein visitt på terrassen for å invia den nye grillen. Silkeark frå Nille vart kjøpt inn og papirgirlander vart laga og hengt opp. Grillen viste seg å vera eit godt kjøp, samt dei nye hagemøblane som Samson har funne sin faste plass i allereie.

Eg kjem til å sakna denne gode stemninga! Lys i lyktene når mørket fell på, kos under eit pledd og ein temperatur det går an å trosse fordi det er sumar. Eg kjem til å savna blomane på terrassen og dei gode vennene eg kan sitja ute med..!

Heldigvis har me desse kjekke minnene frå dagar me utnytta så godt som me kunne når hausten kjem. Då er det lov å ta pleddet med inn i sofaen, sjå ut på regnet med noko varmt i koppen. Då er det ikkje så gale likevell..! No vil me berre ha nokre siste dagar med sol før hausten kjem med regn og kaldt for fullt!

Forresten er girlandarane svært lette å laga sjølv:
- litt hyssing
- silkepapir i valgt farge
Riv av silkepapiret i strimler og knyt dei fast i hyssingen!
Dekorativt!

2 kommentarer:

  1. Samson e jammen meg litt av ein helt! :) Eg må sei eg blei imponert øve muffinsane du hadde lagt Heidi. Dei såg jo superflotte ut, og genialt å pynta med lovehearts!!

    Likte bildet av dåkkår i aviså! Dåkkår e to kule og vakre mennesker!!

    SvarSlett
  2. Di va jaffal goe, muffinsane! Neste gong må eg ha me meg nåken med litt erfaring te å pynta di trur eg :p

    Du er kul og vakker du og!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!