torsdag 18. august 2011

Gje meg ein plastkopp, takk!

Scenario:
Mannen kjem heim frå jobb, ivrig etter å kunna dela ein revolusjonerande oppdaging med den interiørbevisste kona si. Historia var lang og keisam før han endeleg fekk fram poenget som gjalt kaffipausen. Mannen hadde nemleg vore på besøk, og besøket hadde tilbudt han kaffi.
Sidan han var på besøk for å gjera ein jobb hadde han ikkje undrast noko over at verten kom ut med kaffien servert i eit plastglas.

- Eit plastglas. Kan du tru det? Det var ikkje heilt eingong, det var bretta på midten og såg ut som om nokon hadde brukt det før meg, utbryter mannen engasjert.
- Mmm.., kjem det frå kona.
Mannen tek i litt ekstra for å få kona meir engasjert:
- MEN, då eg tok imot plastglaset med kaffi i oppdaga eg at det var kaldt å halde i! Kan du tru det!? Det var ikkje eit plasglas likevell!
Det skal nevnast at kona kanskje var litt sliten denne ettermiddagen, og ho kunne nok gjort sitt for å dela mannens engasjement litt meir. Det var berre det at desse "plastglasa" hadde kona lest om i haugane med interiørblader som flyt i leiligheten. Då ho var i Oslo i vår tok ho biletet ovanfor i ein butikk for ho ville vise det til mannen sin. Ho ville nemleg ha eit slikt glas. Sidan kona stadig får høyre at ho har for mykje ting i hus, lot ho være. 
Reaksjonen frå mannen då ho fortalde dette:
- Æsj, du skulle jo kjøpt det, det var jo driiiitkult..!

Fin torsdag..!

2 kommentarer:

  1. Eg digge dåkkår!! :)

    Du e herved invitert på filmkveld og cookies! Ta gjerna med Charlie St. Claud! ;) Men det må bli itte tirsdag. Akkurat nå handle alt om før og itte visumintervju! :p

    Go helg skjønne Løvbrekkes!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!