fredag 12. august 2011

Søtingar

..på serveringsfatet..!
 Eg har lært at dersom maten ser fargerik ut er den også meir freistande. Derfor er det lurt å ha fleire typar grønsaker slik at maten ser meir innbydande ut. 

Etter mykje inspirasjon frå diverse bakebloggar skulle eg prøve ut eit nytt prosjekt med eit nytt reiskap frå bryllupet. Middagslaging er eg ikkje så god til, så det måtte derfor bli muffinsane som skulle gjerast freistande. Gjester var venta på kvelden, og me sette i gong dekoreringa med liv og lyst: 
Eg veit ikkje eingong om eg kan kalla det eit bra førstegongsforsøk.. Og det er ikkje kreativiteten eller manglande reiskaper det står på.. 

Dei var i det minste gode..!
(og me fekk oss ein god latter etterpå!)


I like 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!