onsdag 20. februar 2013

Før/etter: leiligheten rom for rom

Eg syns det er litt kos å sjå korleis ulike personar med ulik smak får fram ulike uttrykk i samme heimen. Leiligheten me no har solgt har me ikkje gjort mykje med. Det var heller ikkje meiningen då me kjøpte. Studier, tid og økonomi var årsaken til me valde ein leilighet der me slapp å gjere dei heilt store endringane. Noko ser eg likevel det har blitt. Vil du sjå?
 Kjøkkenet er i ok stand og ser greit ut. Einaste endringen her er tavlemaling over kjøkkenbenken. Nok eit prosjekt som tok form rett før eksamen medan mannen var på jobbreis. Knis. 

 "Spisedelen" av kjøkkenet har ikkje blitt brukt til bespisning av oss. Valde å plassere kjøleskapet i hjørnet for å få meir luft. Litt mindre kjøleskap (og eit par år eldre, ikkje akkurat smeg) har me også i forhold til forrige eigar.
 Spisestova er rett innenfor kjøkkenet. I det nye huset vil me få open løysning, det gler eg meg enormt til! Spisestova har faktisk pleid å bytte plass med apotekerdisken alt etter om det er sommer eller vinter. Ommøblering er også noko som helst skjer medan mannen er ute av heimen.
  (Då får eg det som eg vil sjølv!)
Stova har me malt kvit. Samme med kjøkkenet. Gjort på ei helg, sjølv om det tok litt tid før me satte i gong. Tapeten er den samme. Me ville ikkje bruke tid og pengar på å bytte ut til ein tapet me likte i tilfelle neste eigar ikkje likte den, så me lot den stå. Ellers er hyllene dei same som stod igjen etter dei me kjøpte av. Me har også valt å plassere sofaen litt annleis (og meir praktisk).
Sist, men ikkje minst: soverommet. Eg klarer aldri å lage senga slik den ser ut i fine blader og på hotell!!  Har sukka og stønna over visningsannonser tidlegare der dei ikkje har sengeteppe, men så kunne eg ikkje bruke sengeteppet sjølv! Den turkise fargen passa liksom ikkje inn! 
Soverommet er også malt i lysare fargar, som har gjort underverker for sovehjarta mitt om morgonen! Ser ut til at eg må fram med malerkosten i nytt hus også! Dette rommet, og kjøkkenet, er forøvrig det einaste rommet med gardiner. Mon tru om ny eigar er enig i det valet!?

Eg må innrømme eg syns det har vore litt rart å ha heimen min ute for salg på finn. Open for at alle kan uttrykkje sine meiningar om korleis me har det liksom. Not cool. Og det kjem frå ei som finn glede av å vise fram heimen sin via sosiale medier. Eg er visst ikkje skrudd saman heilt rett. Fnis. 

Ha ein god kveld vidare!

---

This is my home. How it was when we bought it and how it looks like now. I like to see how much a bit paint and some white can do to a home. Different people, different styles. Change is good!

4 kommentarer:

  1. Hei!
    Så artig å se forskjellene på innredning! Veldig gjennomført før og etterbilder tatt fra samme vinkel:) likte etterbildene best:)
    Lykke til med nytt hus og innredning der!
    Ønsker deg en særs gunstig dag!
    Klem

    SvarSlett
  2. Så gøy å få se. Soverommet var delikat og lekkert. Fine bilder. Lykke til med salg. D

    SvarSlett
  3. Eg må jo sei eg likte etterbildene best,meir personlig og meir min stil,dere har vært flinke til å få deres preg på det:)
    Ønsker deg ein fin dag!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!