onsdag 10. oktober 2012

Asiaopplevelser

Å vandre gatelangs i shorts og t-skjorte i oktober er ei oppleving i seg sjølv. Enda meir uverkeleg kjennest det når språket, skrifta, menneskene og lyktene er totalt ukjente, plutseleg er eg ein attraksjon med mine blå auger og lyse hår. Rart.

Korea har vel 50 millionar innbyggerar. Språket er koreansk og innbyggjarane har mongolsk opphav. Luktene er intense. Maten består av ris og nudler. Den er sterk. Svært sterk. Enorme mengder nye inntrykk og impulser.

Landet har dei siste 30 årene opplevd økonomisk oppgang. Det oppleves likevel surrealistisk for ein nordbuar å sjå at dei tørker både tang og tare, ris og chili gatelangs. Der det er ein jordflekk til overs, der dyrkar dei også grønnsaker. Ikkje langt unna ligg det store departement stores, ala USA's Macy's. Kontrastane er store.

I nabogatene sel dei fisk og krabbe. Ikkje berre torsk, lur og sei, men alt havet har å tilby. Då meiner eg alt. Luktene inviterer ikkje til smaksprøver, men synet er fascinerande i seg sjølv.

Krabben ovanfor spreia med beina. Ved sidan av låg det vanlege skjell som opna og lukka seg. Rett bortenfor tankar med symjande fisk i alle storleiker. Ingen tvil om at den er fersk.

Fabelaktig har ei utfordring gåande om kva som er drømmeferien. Dette er mitt bidrag!

Fredag venter storshopping i Busan. Det blir nok igjen ei heilt anna oppleving enn det bileta ovanfor taler om!

No viser klokka på denne sida av kloden natt. Til de andre: ha ein god dag vidare!

2 kommentarer:

  1. Så flott det ser ut!
    Jammen er du flink å skrive og å ta bilete! :)
    God ferie, søting! :)

    SvarSlett
  2. Takk for herlig historie i både ord og bilder! Kjenner jo nesten luktene på vei. Jovisst er det store kontraster fra vårt regelbundne land :)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!