fredag 29. november 2013

DIY: Julegave til storebror og lillesøster

Eg kjenner ein ung herremann som i sommar, rett før han kunne vise fram på fingrane tre år, fekk seg ei lillesøster. Den stolte storebroren heiter Oskar, og lillesøster heiter Maria.
Når du er tre år, då er det stor stas å kunne kjenne igjen namnet sitt, og det er stor stas å vere storebror. Og ingen er vel meir glad i merksemd enn nett ein treåring (berre ikkje bruk for mykje tid på babyMaria når treåringen er til stades. Treåringar likar best å snakke om at dei er storebrødre.)
 Treåringen Oskar og babyMaria får i år heimelaga gåver frå tante (og onkel), slik at ingen skal vere i tvil om at Oskar er storebror og Maria er lillesøster.

Framgongsmåten er enkel:
  1.  Kjøp body og/eller langarme t-skjorte i einsfarga utførelse (eg har kjøp trepakning body frå Claire kids og gensrar frå H&M)
  2. Kjøp overføringsark til printer (mine er frå Biltema -->billeg)
  3. Finn bilete eller skriv valfri tekst, skriv ut på arket
  4. Stryk på klesplagget

Eg brukte nakken på plagget til å stryke på Made with love og på eit anna plagg betydningen av namnet til barnet. 


På overføringsarka står det vaskeanvisning på 40 C, si strykemerket ikkje toler for høg varme. Denne har eg hengt opp på ein enkel merkelapp (adressert til mor).
---
I dag går turen opp på loftet for mellom anna hente ned det perfekte lystreet eg laga av hobbyplanke i fjor (denne delen er den kjekkaste med jula, syns eg). Sjå her for framgongsmåte

2 kommentarer:

  1. Super ide!!
    Dei blei jo så herlige! Du e så flinke du :-)
    Ha ein fine kveld!
    Klem

    SvarSlett
  2. Så super ide:)god helg til deg!
    Klem

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!