lørdag 6. juli 2013

Før/Etter: Gammel stol

Når ein er nøgd med ein ting som ein har gjort sjølv, då er det lov å skryte, er det ikkje?


Stolen var gammal og slitt. Stoffet var ikkje lenger like fint, og treverket såg flekkete ut. Som eg skreiv her og her så tok det litt tid, men eg syns resultatet vart tipp-topp!

Etter resultatet er sjølvsagt ikkje perfekt, men det er jo noko av det eg likar. Ting og tang som har litt sjel, litt historie og litt svette og tårer. Denne har alt *smile*

Det beste av alt er kanskje at den matcher blåberene som har sneke seg inn som eit dagleg element av mitt kosthold. Blått er flott! Hihi!

--

Me har brukt første ferieveka vår i lag på Malaga i lag med min familie. Fantastisk for kropp og sjel med sol og varme, sjarm og byliv. For ein by! Takk for meg, Spania. Me sjåast igjen.

--

For fleire før/etter prosjekt, sjå her.

2 kommentarer:

  1. Sånn ein herlig forandring,heilt utrulig kva maling og annet gjere med ein stol:)så deilig med ferie i Malaga!nyt det:)
    Her pakkes det ut før me skal pusse meir opp så må vel sette igang,Hihi:)
    Sommarklem fra Lillian

    SvarSlett
  2. Stolen ble kjempefin! Jeg kan tenke mannen er fornøyd igjen når den gamle stolen virkelig ble forandret til en skatt. Du er superflink! Nå håper jeg du kan nyte noen avslappende stunder i en lys og god stol. :-)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!