tirsdag 4. juni 2013

Ugras på bordet

 Eg har vore i blomsterbeda og plukka ugras. Utanfor mitt nygamle hus er det nemleg eit lite sammensurium av planter som veks litt vilt og uhemma. Innimellom det eg har funne av mellom anna kusummre, liljekonval og litt lyng er der og komme opp ei heil røys med strå.
Mannen berre ristar på hovudet når eg stolt viser kor fine dei var i den kvite Uashmama posen me fekk av Brun'o interiør på bloggtreffet. Vakkert syns eg. 

Endeleg har eg også fått i hus eit duftlys eg ikkje blir kvalm av. Dette var det Hedda frå Crush consept som sponsa. Lyset kan brenna sjølv med små babyar til stades. Eg er kanskje litt sær når det kjem til dufter, men vanlege duftlys luktar så sterkt at eg må slukke dei med ein gong. For ikkje å snakke om gamle damer på bussen som har drukna i parfymeflaska.
Pleddet frå som Skeidar hadde gitt til bloggtreffet er no rulla fint saman i påvente av at mannen skal bli ferdig med snekkerarbeidet på terrassen og sommarkveldane skal nytast der.

Eg ser at kusumrane i mormorkoppen må byttast ut snart. Om eg er heldig finn eg enno nokon fleire i den kjekke hagen min. Fordelen med å kjøpe eit nygammalt hus er absolutt alle overraskingane som dukkar opp etter kvart som sommaren sakte men sikkert brer om seg.
---
No er det dags for litt retting her i gården. Det gjer ingenting, for snart er det ferietid! Ynskjer deg ein vakker ettermiddag!

12 kommentarer:

  1. Synes det gjorde seg bra med strå i papirbag eg :-) ser ut som de fekk mykje fint i goodiebagen :-) nyt kvelden!

    SvarSlett
  2. Kjempe fint med strå oppi! :))

    Ha ein flott kveld! :))

    Klem Evy

    SvarSlett
  3. Hmmm, det var en god idè:)
    Og herlig luktelys <3
    Ha en fin kveld:)

    SvarSlett
  4. Eg har visst enno ikkje fått hverken pakka ut eller tatt i bruk nokon av gåvene frå treffet, eg har ikkje landa heilt enno. Og har ikkje fått henta meg inn enno, ein bles mykje energi på slike treff ;-)

    Klem Eli

    SvarSlett
  5. Kjempefint med strå i uashmama-posen! Og for en fantastisk behagelig lukt på duftlyset!
    Ha en fin onsdag!
    Klem <3

    SvarSlett
  6. Hihi,den kommentaren fra mannen kjente eg igjen;-)
    Takk for hilsen på gutterommet,det sett eg stor pris på:)

    Nyt onsdagen!
    Klem Siv Mette

    SvarSlett
  7. Hi
    Everyone,How are you.Excellent working Today Join your Platform got new information..My pray with you Dear Friend......Got more Success Blessings in the name of GLORY.
    Join our Platform Part our Work.
    Massasje Stavanger
    Hudpleie produkter
    Anti aldring
    Botox Stavanger
    Hudpleie produkter
    Laserbehandling mot rynker
    Anti aldring
    Behandling mot rynker Stavanger
    Behandling av uren hud
    Permanent hårfjerning Sandnes

    STAY BLESSINGS!

    THANKS
    JOHNS

    SvarSlett
  8. Nydeleg bilder av dei flotte tinga fra treffet - såå mykje fint me fekk!
    For ein kveld !! :)

    Ha in finfin lillelørdag :)
    Klem Birgit

    SvarSlett
  9. flotte bilder av det kjekke treffet vi har vært så heldige å få være en del av :-) og kjekt å få hilse på, det var ikke like lett å veksle ord med alle men veldig kjekt å se fjeset bak bloggene live :-) klem Helen

    SvarSlett
  10. Hei og hopp ;-))) Kjempe fin den posen vi fikk ♡ jeg har ikke tatt den i bruk enda men gleder meg...og det duftlyset ; rett og slett himmelsk!! ;)
    Nyt kvelden ;) Her i gården pakker jeg, skal på kurs til Molde i morgen.

    Kleeeem Elisabeth ;)

    SvarSlett
  11. Les meg gjennom bloggen din og blir heilt fanga. Interiørblad er mi flukt frå verkelegheita og bloggen din er jammen meg eit interiørblad. :) Apropos duftlys har eg akkurat oppdaga PartyLite. Har ei venninde som selger og ho sendte meg ein del luktprøvar, mange av dei er kjempegode og dei luktar ikkje så sterkt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Forøvrig er det Gunnhild som skriv. :)

      Slett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!