torsdag 4. april 2013

Fremgangsmåte: bord

Stovebordet vårt har freista fleire. Om det er mannen som har vore på bygda og fortalt kor greit det er for latmannsfolk når ein skal støvsuge eller om faktisk andre enn meg syns det har sin sjarm, er uvisst.

Her kjem eit forsøk på ei forklaring:
Steg 1:
1) Sag til fire plankar. 2 til langsida og 2 til kortsida.
I følge mannen heiter plankane me har brukt 1 1/2"x6"

 Steg 2:
2) Lag ei ramme av disse. Som bilde viser skrudde me kortsidene inni langsidene.
(fjøla du ser "under" ramma skrudde me på til slutt)

Steg 3:
 3) "inni" ramma skrur du fast tre fjøler på tvers, slik teikningen viser. Desse gjer bordet meir stabilt. Skruane festar du frå sida (slik du ser til venstre på ramma på teikningen)

Steg 4:
4) Fra undersida: skru fast plankane du skal ha som bord. Materialet me brukte heitte 1"x5".
Som teikningen viser vart desse skrudd fast frå undersida, med skruar som akkurat ikkje gjekk gjennom bordplata. På denne måten kan du ikkje sjå dei på oppsida av bordet.

Steg 5:
5) Skru på hjul. 
Eg ville ha bordet enno litt høgare (me har hund!), så me brukte ein restplank til å skru fast under ramma igjen. Dette er ikkje naudsynt for å få på hjula. 

Fiks ferdig!
Bordet vårt såg tidlegare slik ut, men endra farge til kvit ein dag mannen var på fotballtrening Ikkje like praktisk, men minst like fint!

Lykke til!
(og eg kryssar fingrar for at mine snekkerforklaringar er forståelege!)

7 kommentarer:

  1. God forklaring. Jeg skulle gjerne hatt et bord med hjul, men våre gulv er ikke rette nok. ( gammelt hus.. ) D

    SvarSlett
  2. Kjempe kult:) Kjekt med ting ein kan lage sjøl!
    Ha ein fine kveld, Klem Camilla

    SvarSlett
  3. Elsker bordet ditt,Kjempestiligt med det bordet som er heimalaga:)flott!
    Ønsker deg ein fin kveld!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  4. Så flott!! Hvilken farge brukte du på beis, (så på bilde fra før du malte det)Likte fargen veldig godt, og kunne tenkt meg den på neste bord-prosjekt)
    Ønsker deg en riktig fin helg!

    SvarSlett
  5. Fint å dele med andre :) Bordet ble fint og enkelt, og er en fin variant fra pallebordene :) God helg!

    SvarSlett
  6. Heisann ☺ for ei kreativ dame du er, bordet vart flott!
    Må bare få takke for kjempesøt kommentar på bursdagsinnlegget mitt. Spesielt det om bildene mine gjorde meg glad - det er fotografering som er min aller største lidenskap. Klem til deg med ønske om ei fin veke, Kjersti

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!