onsdag 3. april 2013

Nyttgammalt hus, nygammal stove

Ja, for huset er jo nytt for oss, sjølv om det ikkje akkurat er har vore ferskt sidan tidleg 60-tall!

Og medan me er inne på det: eigen leikehytte i hagen!
..eller skrivestove, som eg gjerne vil framstille det som..


Gledeshylet mitt over å endeleg vinna noko i lotteriet på jobb før ferien min var nok litt stakkarsleg for dei som måtte minne meg på at: "det er berre ein blomst, altså". 

Vinnaren sjølv er framleis like glad, for utanom tulipanane som overraskande vart levert på døra er dei det einaste som har villa overleva i det nygamle huset vårt.

Frykten for strykejern og vindusvask har blitt med på flyttelasset, derfor blir du her presentert for skrukkete putetrekk og skitne vindu. 
Mamma blir nok flau. 
Ho veit nemleg at eg er oppdratt betre. 
Eg tenkjer at me kan ikkje gjere alt første veka. 
Foreløbig vil eg berre nyte den nygamle stova mi!

*fin onsdag til deg*

--
I morgon (om eg er heldig) kjem oppskrift på nabolagets mest sjarmerande bord. Etter ønske frå fleire har eg i kveld teikna (!) bruksanvisning. 

2 kommentarer:

  1. Så fine gule sammensetninger! Og vindua ser flotte ut!!

    SvarSlett
  2. Så herlig å vinne sjølv om det var ein liten blomst så er det herlig for det:)
    Så herlige gule detaljer hos deg!
    Ønsker deg ein fin dag!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!