fredag 1. juni 2012

Friday DIY favorite: Solcellelampe

Kvar fredag prøver eg å vise ein gjennomførbar DIY. I dag viser eg "heimelaga" solcellelampar. Det vil egentleg seie gjenbruk av gamle og til dels rusta lamper frå i fjor, but still. 
Steg for steg:
  1. Skru av "halsen" på ei gammal solcellelampe (eventuelt ei ny, meinar på dei sel slike på Jula til 49,- for 3 stk)
  2. Lim fast hovudet på loket på glaset. Eg brukte min fine limpistol til ca ein femtilapp frå mitt første studieår. Den satt som eit skudd! 
    NB! Må vere gjennomsiktig glas i loket for at batteriet skal lade seg opp!
  3. Fyll glaset med ønska innhald. Eg har brukt skjell frå stranda heime og fine kvite steinar frå Kreta. *Sommarminner*
  4. Lukk lokket (kan vere lurt å sjekke plasseringen av lampa før du limer på, slik at det går igjen)
  5. Nyt synet og sett lampene til lading i sola!
No er det endeleg helg! 
Eg håpar på fint vêr og tid til å høyre mine eigne tankar!

4 kommentarer:

  1. Så stilig:) Koselig å ha på bordet ute på seine sommarkveldar!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det syns eg og! Det vart faktisk utrulig bra når mørket kom fram!

      Slett
  2. Knallfine! Det fekk eg og lyst til å prøva! :-)

    SvarSlett
  3. Knallfine! Det fekk eg og lyst til å prøva! :-)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!