mandag 7. mai 2012

Konfirmasjon

  For litt sidan skreiv eg om at eg trena meg på origamibretting av båtar. I helga fekk eg synt fram resultatet i konfirmasjonen til min ti år yngre bror. Med to eldre systre er det lett å vere konfirmant, og det er lett for at det gjennom åra også har blitt sydd litt puter under armane på litleguten.

 I helga fekk han vist seg fram i finstasen sin, sjølvsagt pynta med blått slips. Serviettane hadde eg bretta som båtar, i og med at konfirmanten er like ivrig til vanns som til lands. Fine hortensiar (systera sin yndlingsblomst) stod til blåfargen på serviettane, og storesyster heldt tale om symbolbetydningen til blå: påliteleg, standhaftig, storsinn og hav. Alle er fine ord, ord som også skildrar konfirmanten.
 Om du ser nøye etter ser du havet ut glaset på biletet over. Me hadde nemleg dekka bord på rorbua, og sjølv om det vart trongt var det deilig å sitje og sjå rett ut på sjøen. Mor hadde handla inn lys med seilbåtar på (heilt på eigenhand) som stod til den blå fargen i blomstene, på slipset og på sjøen.
I ein gutekonfirmasjon skal det helst ikkje vere for feminint, noko det lett kan bli når kvinnfolka tek styringen. Bordkort, som eigentleg skulle vere papir bretta som båtar (slik eg såg for meg her) vart i staden kvite steinar med dymo på. Langs bordet strødde me fine steinar, plukka på stranda.

Alt i alt ei finfin feiring for store og små, sjølv om det tek på å feire yngstemann!
Gratulerer med overstått dag, litlebror!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!