onsdag 2. mai 2012

Eg har drill

og då gjer eg som eg vil!
(uff, for ein dårleg poetisk opning!)
Eg har faktisk drill også. Og det er så kjekt! Eg trur det må vere eit av mine beste kjøp (sjølv om mannen meiner det heilt motsatte!)

Då eg i forige veke fekk det for meg at no var det nok med stygge stålplater på kjøkkenet fann eg og ut at det var på tide å få ei skrytehylle. I same slengen vart kjøleskapet flytta på og fryseskapet gjort overflødig!  (om du kjenner nokon som treng fryseskap med tapet billeg har dei sjansen no!)

På plassen til kjøleskapet vart det plass til ei skrytehylle. På det som mannen hadde brukt 10 minuttar på er eg sikker på at eg klarte å bruke to timar. Viser seg at berre det å ha drill tydligvis ikkje er nok!

2 kommentarer:

  1. driftig dame med pågangsmot- det er supert det!!!
    skrytehylla blé fin den!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hadde det berre vore like stort pågagnsmot til andre ting..! ;)

      Slett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!