tirsdag 1. mai 2012

Nytt kjøkken og litt oppvaskmotivasjon

Her i heimen har me nemleg eit uttrykk som heiter:
"Ååå, eg er sååå glad!!"
 Dette er det den som har laga middagen som har lov til å seie, for då har ein lov å vera glad for at ein slepp å vaske opp. Ein har jo nemleg laga middag. Ein skal ikkje måtte gjere både og?
 Å, joda. Det skjer at ein må. Derfor må det til oppvaskmotivasjon. Og kva er då betre enn konkurranse på det "nye" kjøkkenet? Du ser kanskje sjølv korleis me ligg an.. Forslag til premie for første mann til 10 strekar mottas med takk!
Og ja! Kjøkkenet har blitt "nytt"! Med tavlemaling! Før var det nokre grufulle stålplater bakom der det no er tavlemaling. Mannen var på reis sist veke og eg hadde eksamen. Eg Me er framleis ikkje heilt ferdige med å montere lister og lys på plass igjen, men malingen har hvertfall størkna såpass at konkurransen er i gang!

God 1. mai!
(Arbeiderfridagen ser ikkje ut til å gjelde for studentar, så jo før eg kjem meg i gang, jo betre er det!)

11 kommentarer:

  1. Kjempefint med tavlemaling!! Har så lyst å male døren på kjøkkenet med tavlemaling, men alle her hjemme er ikke enige......Kanskje jeg bare gjør det en gang jeg er alene hjemme, tror det ville bli så fint!! God idé å sette streker, hadde fort blitt mange streker på meg her i huset;-))
    Fin søndag til deg:-)))
    Klem Siri

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha! ja, det blir lett mange strekar på meg også, men eg har eit håp om at det skal endre seg;)

      Fin søndag til deg og!

      Slett
  2. Stilig! lykke til med eksamensinspurt:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Forhåpentlegvis siste innspurt på ei stund no..!

      Slett
  3. Så fint det ble! Og belønning er noe du ønsker deg. Knis.

    SvarSlett
  4. Herlig med forandring da! Ble veldig fint!
    Selv er jeg veldig fornøyd med svarte veggen vår både på kjøkkenet og stua.
    Hm, hva med massasje i premie, altså taperen masserer vinneren:P
    Fin maiuke til deg!
    Klem E

    SvarSlett
    Svar
    1. I eksamenstider er det ingenting som Høyres meir freistande ut enn ein god massasje!

      Slett
  5. så gøy det var med tavlemaling der :) artig !

    henriette

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!