lørdag 14. april 2012

DIY: akrylmaling+lysestakar

Normalt sett skal handmala vere noko positivt.
I dette tilfellet er eg noko usikker,
men fargerikt vart det.
Dei som føl med på Nib veit at dei hadde ein utfodring for litt sidan om å vise fram fargar. Eg er ikkje noko flink til slike utfordringar, men denne gongen kom eg til kort uansett. Eg har rett og slett for lite farge i heimen!

Derfor: tre gamle lysestakar og ein øydelagt vase.
Tre strøk sjølvblanda akrylmaling.
Eit strøk decopage.
Vips. Våren er komen inn i heimen.

No skal det seiast at resultatet muligens ville blitt betre om eg:
- hadde hatt meir tolmod
- hadde brukt spraymaling
- hadde hatt litt meir peiling på fargeblanding.

Uansett, det ferdige prosjektet skal få stå ei stund. Det er liksom på sin plass å fylle heimen med fargar når sola skin og kveldane er lyse!

Lørdagen min skal fyllast opp med jobb. 
Eg håpar din vert fargerik og fin!

2 kommentarer:

  1. Heisann. Kjekt å sjå at du har heve deg NIB sin utfording, eg er som regler alltid for sein til slik eg.... ikkje at eg føle eg har så mykje sjans mot alle dykk andre flinke bloggerar som lage så mykje fint.... Anyway har på min blogg gitt deg ein blog award fordi eg synest du fortjener det. Håpe du får ein alla tiders søndag. Knip

    SvarSlett
  2. Heihei! Det vart ikkje noko deltakelse på meg på utfordringa, for det var eg for sein til! Og så er eg litt usikker på om dette hadde vore noko å delta med igrunn!

    Takk for blogaward! Det var kos!!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!