tirsdag 20. mars 2012

Heldig vinnar

Då var det bestemt kven som er så heldig å få gjera nokon glad. Altså, denne muligheten har me sjølvsagt kvar dag, men nokre gonger dukkar det opp ein ekstra mulighet. Eg snakkar om give awayen frå Claire Kids. Ein nydeleg matrosdress har funne vegen til den som skal vera dens eigar! Trekninga skulle sjølvsagt funne stad i går, men måtte vike til fordel for ein spontan tur til London. 
The lucky number denne gong var nummer 17 av totalt 100 lodd. Lodd nummer 17 tilhøyrer Vivvi med bloggen Vivvi's verden. Eg tenkjer Vivvi har eit gull som kjem til å sjå strålandes ut i dette antrekket. 

Takk til Claire Kids som ville dele ut denne fine dressen. Dei har no fått inn hårpynt frå prikken over i'en som eg kjenner mange mødrer som har venta på. Lik sida deira på facebook her, så ser du fleire flotte nyhender dei har fått inn!

1 kommentar:

  1. IIIIK!!!! Tulle du me meg??? Eg vinne jo ALDRI noenting!!! Nå blei eg gla nå!!! Jippijippijippi!!!
    Åh, han komme te å bli ein PRINS i matrosdress :)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!