søndag 25. mars 2012

Farmor sin flid

Foto: Vidunderleg
Har du sett ei slik bok før? Med slitte permar, ark som fell ut og krøllete papir. Litt gulbrune sider og ei krokete skrift som for dagens generasjon nesten er uleseleg. 
Foto: Vidunderleg
 Dette er mi farmor si oppskriftsbok. 
Den vitnar om mykje flid.
Og og mange reglar og haldningar som kanskje ikkje er så gjeldande i dag:
Foto: Vidunderleg
"Kjøkenreglar: 
1. Hald kjøkenet reint, ikkje minst i krokar og skap.
2. Arbeid stilt og fint.
3. Luft ofte, og alltid etter kokinga.
4. Vask hendene ofte.
5. Gjer i stand til middagen i god tid.
6. Sjå etter at du har i huset det som trengs i maten
..."
Farmor skulle sett meg komma heim frå jobb, fem minuttar etter middagen helst skulle vore klar på ein kvardag. Eller ei helg, med musikken på fullt inne i stova slik at eg høyrer det på kjøkenet. Det er vel helst punkt 4. som blir følgt her i huset. Og deler av punkt 1. Ikkje mykje til flid.

I dag har sola gitt oss vår første grilloppleving. Utan oppskriftsbok og teite reglar, men med godt med luft, både før, under og etter "kokinga". Og husfruen har jobba med oppgåveskriving. 250 ord igjen til målet på 5000 ord. Glede.

God søndagskveld!

Edit: I dag har Vidunderleg fått facebookside. Lik gjerne denne ved å trykke her!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!