mandag 12. mars 2012

eg er glad i tekst,

men på dette biletet klarte eg ikkje finna tekst som passa.
Foto: Vidunderleg
Når eg reidigerer bilete har eg ofte tvangstankar som seier at eg alltid må ha med tekst. Eg likar liksom kombinasjonen tekst og bilete. Kanskje det er fordi eg ofte legg mange tankar i bileta mine som eg ynskjer at også andre skal sjå. Kanskje det er fordi eg ofte likar betre komposisjonen i biletet når det er noko typografisk med. Eller kanskje det berre er fordi eg rett og slett er så glad i både fotografiet og teksten som enkeltelement, at eg ynskjer å blande dei saman.

Her er uansett kveldens bidrag. Utan tekst.

Fortsatt god mandagskveld!

Edit: Ser NIB har ei urørt utfordring, og slenger meg på. Dei søkjer "urørte" bloggar sine beste interiørbilete. Dette er nok ikkje mitt beste bloggbilete, men det er karakteristisk for meg. Litt interiør. Litt friskt. Litt design (Skåla som påskeliljene står i er frå Wiik & Walsøe, men det synes sjølvsagt ikkje på dette biletet. Kanskje seinare.). Og litt biletbehandling. 

1 kommentar:

  1. Enkelte bilder taler veldig for seg selv, mens andre må ha tekst. Sånn er det i livet ellers også. Noen mennesker trenger ingen presentasjon, mens andre må du bli kjent med på en annen måte.

    Blomster har forøvrig sitt eget språk og trenger kanskje ikke hjelp fra oss.

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!