Foto: Vidunderleg |
Er den som:
- klarar å bruke ein heil dag på å skrive 1000 ord i ei skuleoppgåve og som ikkje lagrar før dokumentet vert lukka..
- er flau heile treningstimen fordi buksa er på vranga, men som oppdagar når økta er slutt at buksa ikkje er på vranga likevel..
- har eit rydde- og systemgen som slår inn i tide og utide, men som ikkje alltid er samkjørt med andre gen. Altså, dei genene som ynskjer å bruke det som er rydda vekk og systematisert..
- har ei stor veske som tilsynelatande har lypsylar som favorittrett..
- kvar dag kjem skeivt ut til avtalar fordi mobilen har rota seg vekk..
-...eller nøklane..
-...eller korthaldaren..
-...eller garasjeportopnaren..
- er glad i å surre hyssing..
Eg er eit surrehovud.
Kva er du?
Fin surredag.
Med eller uten hyssing.
Det høyrest kjend ut, ein del av dette... Spes det med ting som forduftar, berre for å sprenge tidsskjemaet. Ungar er ôg effektive slik ;)
SvarSlettBrukar photoshop mest, men har aldri sett slike templates før. Eg brukar ånsette dei opp sjølv, og det tek si tid. På late dagar smeller eg det inn i picasa, som lagar meir og mindre vellukka montasjar ;)