torsdag 23. februar 2012

Nabolys

I går kveld kom eg køyrande heim åleine.
Det var så seint at det var blitt mørkt, 
og sjølvsagt regna det ute.
Typisk haustvêr i grunn.

Då eg parkerte inn mot terrassen til heimen min og kikka inn glaset til stova mi såg eg noko underleg. Det var tende lys som stod og skein i mot meg. At det er levande lys i vidunderheimen er ikkje noko underleg, men at dei er tende utan at eg er heime. Det er underleg det.
Foto: Vidunderleg
Då eg måtte låse meg inn kom eg plutseleg på at vidundermannen var på trening. Og at det utanom lys frå vitrineskapet eigentleg hadde sett relativt mørkt ut inne hos meg. 
(Før eg kom til denne oppdaginga hadde eg sjølvsagt komt så langt i hovudet mitt om at kanskje vidundermannen hadde diska opp med ein romantisk aften til eg kom heim..)

Hunden kjem i mot meg i deg eg kjem inn døra og me går saman inn i stova. 
Joda, eg hadde rett, levande lys skein i mot meg. 
Foto: Vidunderleg
Det eg i dette øyeblikket kom på, var jo sjølvsagt handleturen på mandag. 
Då eg skulle kjøpe presang til ein nyfødt gut hos Claire Kids kom eg over nokre fine vaniljelys. 
Ja, for det var dufta som kom i mot meg då eg opna døra. 
Vaniljeduft frå flammeløse lys. 
Lys som skrur seg av og på etter ein timer innebygd i lyset. 
Det vil seie at kvar kveld frå klokka seks til 11 kan naboane kosa seg med levande lys i heimen min, om eg er heime eller ei. Genialt, syns eg!

Når eg tenkjer tilbake på då me var yngre måtte me alltid ha ei lyskjelde i rommet me skulle sove i. Eit lys som ikkje var så sterkt. Når eg får meg born veit eg kva type lyskjelde dei skal få på rommet sitt. Det er jo like viktig at den er dekorativ!

Haustvêr ute.
Hyggekos inne.
Og stemning for naboane sjølv om me ikkje er heime.

Ha ein fin torsdag!

Og du, ikkje gløym at du kan gjere nokon glad her, og du kan få denne!

4 kommentarer:

  1. Stilige lys...kor kjøpte du dei?
    Eg like bloggen din, og har gitt deg ein Liebster blog-award. Sjå på min blogg:
    http://gadnbadn.blogspot.com/2012/02/liebster-blog-award.html

    SvarSlett
  2. Dei fine lysa kjøpte eg hos claire kids på Amanda! Kjempe geniale:)

    SvarSlett
  3. Haha, trur eg hadde vorte litt nervøs om det stod ljos i glaset mitt når eg kom heim. (Og jau, rare tankar om romantisk middag kunne nok ha flagra gjennom hovudet mitt òg ;) )
    Men ljosa var stilige, heilt klart. Mine prinsesser må også ha litt ljos på om natta, men fullt så stillfullt er det nok ikkje :)

    SvarSlett
  4. Visste ikkje at dei selde lys..kanskje eg må kikka innom ein dag :)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!