tirsdag 30. august 2011

DIY: Haust og fornying

Fleire enn oss som føler at dagane flyr avgårde?
Vel, her er me opptekne i frå morgon til kveld med gjeremål som høyrer kvardagen til. I går underviste eg i skildringar i fortelling, og tok meg sjølv i å gi rådet til elevane eg kanskje gløymer litt sjølv:
"Husk å lukta på blomstrane på vegen, 
ikkje berre spring forbi dei!"

Derfor vil eg lukta litt på blomstrane no i kveld, og mimra tilbake til Mai. Då fann eg mitt første Finn-kupp, som eg no (etter 3 månadar) endeleg har fått vel plassert i stova. Det har endra farge (å kjære vene kor tidkrevjande det kan vera å mala vindaugslister), det har fått nye knottar, og det har fått spottar i taket.
Eg er førebels nøgd med resultatet:)
Det vart forøvrig knottane i glas som vart det endelege resultatet, om nokon las innlegget i Mai og hugsar valalternativene. Dei andre knottane? Jo, eg har dei enno i tilfelle eg endrar meining..!

Trass hektiske dagar står det eit nytt maleprosjekt i garasjen. Eg elskar DIY prosjekt!! 
Fingrane klør etter å ta fat på malekosten. Måtte berre tid og energi komma!

4 kommentarer:

  1. Så fint det vart!
    Skulle berre hatt glasshyller så at lyset fekk straume fritt heile vegen ned :)
    Lykke til med neste prosjekt!

    SvarSlett
  2. FIIIIIIIN=D
    Endelig kom vintrineskapet i hus, kan tenka meg at det var ein stor glede. Særlig etter deg gode jobben du har gjort med oppussingen=)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!