fredag 3. februar 2012

DIY: Bloggnavneskilt

I morgon ventar ein kjekk dag. Eg skal på mitt aller første bloggtreff. Det synest eg er ganske spanande. Søte Marie med bloggen De små tingene i livet inviterer. Eg innrømmer eg synest det var stas å bli invitert. Eg skal nemleg menge meg med "dei store". Eg føler litt eg skal på kjendisfest. Det er stas.
Til treffet skal alle ha med eit navneskilt. Dette er igrunn bra, for eg er ikkje så god i navn at det gjer noko. Utfordringa ligg i at navneskiltet skal representere bloggen. 
Ojdå.

Kven er bloggen min?
1) den er glimt av vidunderlege ting frå min kvardag
2) den er eit utspring for kreativitet
3) den er ikkje eit ledd i å gjere karriere
4) den er ein fristad (i staden for fotball og tv)
5) den skal vera lystbetont
6) den skal representera eit realistisk bilete
7) den skal vera full av fine ting, men ikkje nødvendigvis dyre ting

Navneskiltet mitt vart derfor ein trepinne falt ned frå naboens leikehytte. Pinnen var fin å sjå til. Den fortente eit bedre liv enn å ligga på bakken der (punkt 2). 

Samson og meg tok vår daglege heim-frå-jobb-tur, og han hjalp meg med å lirke den fram frå isen (punkt 1). 

Eg hadde i utgongspunktet tenkt å male navnet på, men så tenkte eg gjennom punkt 7 ein gong til. Maling tek tid (punkt 5). Eg vel oftast dei lettaste løysningane. Dymoen er min bestevenn (punkt 7). 

Dette er min blogg. 
Forhåpentlegvis kan den vera til inspirasjon.
Ha ei god start på helga!

4 kommentarer:

  1. Hei, der var eg ja;-) Så flink du e, masse fint å se, og kjempe koselig å lese,- nå skal jeg følge med fremover. Klem Elin;-)

    SvarSlett
  2. hei, Heidi
    så fin blogg du har! gler meg til å treffe deg i morgon :)

    må innrømme eg fekk litt prestasjonsangst når eg såg navneskiltet ditt. den gode ideen har liksom ikkje heilt "dotte ner" her enda, hihi :)

    ma snakkast!

    -linn

    SvarSlett
  3. Hjelpe meg! Håper ikke alle har tatt oppgaven så seriøst som deg! hahaha! Vi ga den oppgaven for da slapp vi å klippe og lime 18 skilt;-) hihi! Mitt representerer ikke meg i det hele tatt, tror jeg. Gjort på 2 sek. Ditt var så fint..ble stresset jeg nå! uvææææh!
    Sees i morgen! Det blir gøy!
    klem

    SvarSlett
  4. Elin: Håpar ikkje eg skuffar deg!

    Linn: Takk for helsing! Eg trur nok ikkje mitt navneskilt er det mest revolusjonerande. Ingen grunn til panikk.

    Veronica: Tru det eller ei, men dette tok meg ikkje serleg meir enn 2 sek dette heller. Det er berre ein pinne med litt dymo på..!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!