mandag 30. januar 2012

Historiar

Eg har alltid likt historiar. Historiar har eksistert i alle tider og har blitt brukt både som underhaldning og som ein måte å overføre kunnskap på.

Historiar kan bli fortalt på mange måtar. Som lærar fokuserer me gjerne på samansette tekstar der ein fortel historiar med flerie elementer, ikkje berre den tradisjonelle skriftlege teksten. Ein blogg er også ein samansett tekst fordi den som regel består av fleire elementer. 
 Mine kjære kuffertar har alle ei historie å fortelja. Dei er spanande elementer i interiøret, og dei har kvar si fortid med kvar sin historie. I dag tjener dei formål som oppbevaring. Den øverste har lenge tjent sitt formål som hundeseng for Samson. Dei to nederste har tilhøyrt tante og onkel i si ungdomstid og er i dag oppbevaring for mine kreative sysler. Dei to øvste kjenner eg ikkje historia til. Og det gjer det nesten endå  meir spanande! Samsonkufferten fann eg på den lokale bruktbutikken ved bossplassen, og den grå fekk eg tak i på Fretex. 

Ein kan nok seia at eg likar kuffertar. Helst gamle. Dei har gjerne vore med på reis. Kanskje langt vekk!? Kanskje har dei sett noko? Kanskje rommar dei hemmeleghetar som eg ikkje kjenner til!

Den øvste kassen er ny. Altså ny for meg. Den har ei lang historie før den kom til oss.
Den er lekker!!

6 kommentarer:

  1. Det er så kjekt å lese bloggen din, Heidi!
    Kuffertane dine er flotte! Kassen på toppen er nydeleg! Den har nok ein spanande historie å fortelje...

    SvarSlett
  2. Ja, det trur eg også!! Eg trur faktisk det er ein svært god historie!

    SvarSlett
  3. Ja, tenk om me kunne få vete historien til "loppene" våre! Det hadde vore spanande:)

    SvarSlett
  4. Ja, ikkje sant!? Men så er det jo også litt spanande å laga eigne historiar også:)

    SvarSlett
  5. Snadder at du ville dela nokre av koffertanes historiar med oss leserar! Er mykje meir interessant når eit møbel har ein historie å fortelja. Blei så pass inspirert at eg trur eg må til farmor for å leita i hennas ting, og med litt smisk så kanskje eg er heldig å få ein ting som har levd eit liv lengre enn det eg har! PS: gler meg til å møta deg på lørdag! Klemmen Ann Helen.
    NB: GIVE AWAY sjå meg!

    SvarSlett
  6. Å, eg skulle så gjerne hatt ei farmor med eit loft full av skattar! Lykke til! Håpar du klarar å rote fram nokre skattar, fulle av herlege historiar!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!