tirsdag 31. januar 2012

Lunchdate

Det er ei god stund sidan eg sist fekk delta på ein skikkeleg lunchdate, så derfor var det ein gyllen anledning då det var planleggingsdag på skulen i går. Vel og merke var det innbakt ganske mange timar med oppgåveskriving i denne lunchdaten, men vel verdt!
Pastasalat, ferskt bakverk og god te (godt for den stakkars halsen min!).
Godt selskap kombinert med vakre koppar og fat frå green gate.
Eg må visst ønska meg vakre lunchkoppar eg også.
Som eg kan ha te i når eg er halvsjuk.
Og slik at eg også kan invitera til lunch og oppgåveskriving.
Har du eit fint lunchservise!?

Kos på ein vekedag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!