onsdag 1. februar 2012

DIY: Latmannskurv

Kaldt ute.
Fyr i peisen inne.
Kos.
Vedslit.

Då eg var på lunchbesøk på mandag vart eg introdusert for den geniale ideen med hjul under vedkorga. Eg vart heilt oppslukt av ideen, og som resultat av dette måtte eg i går mekke saman hjul til mi eiga vedkurv, også kalla latmannskorga. 
På biletet ser korga om mogeleg enno større enn den er. Av og til lyg bileta litt også, eg var berre så ivrig etter å få ta bilete at eg hadde ikkje tid til å vente til det vart lyst igjen. Framgongsmåten er også skjøre enkel:
- ei hobbyplate i ønska storleik (eventuelt plankerester)
- 4 hjul (eg har to svingbare og to som går rett fram)
- beis/maling, alt etter ønske. (Eg beisa min i drivedfargen, for då passar den til korga mi)

Latmannskorga skal derfor hjelpa oss gjennom dei neste kalde dagane. Korga hadde eg frå før, fra januarsalget på Living. Den passa ikkje der eg hadde tenkt. Derfor var det godt den kunne leva eit liv som latmannskorg.
Andre med kreative latmannsprosjekt?

2 kommentarer:

  1. Så LEKKER blogg :) Henger meg på jeg, om det er ok :)

    SvarSlett
  2. Så kjekt å høyre! Du er hjerteleg velkommen!! :)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!