søndag 13. november 2011

Sjølvlaga til far

Då eg var lita jente brukte eg og mine sysken helgene før bursdagar på å uttrykke vårt kunstnertalent på eit stykke papir. Gjerne med mange fargar, kombinert med god sjølvtillit. Då den store dagen kom vart kunstverket overlevert som den dyraste kunst i verda. Mottakaren gav oss sitt vakraste smil og meisterverket vart hengt opp på kjøleskapet dei neste vekene.
No er eg ikkje lita jente lenger, derfor lurar eg på kva som er godt nok alternativ til eit barnekunstverk?

Eg har prøvd meg med heklenåla, men kom ikkje lenger enn til ei kaktusblomsterpotte.
Fint DIY prosjekt var det jo, men ikkje noko for han far.
Kanskje eg heller burde ha hekla ein boksershorts eller eit par sokkar?

Heimelaga er vellaga, men i dag blir gåva fine ord,
og så kjem kanskje eit kunstverk seinare! 
(Tips og ynskjer mottas gjerne)

Gratulerer med dagen,
altså farsdagen!

2 kommentarer:

  1. Eh, hekla boxershorts..
    Kjende det vart litt mykje for meg...
    Du kjem nok på noko betre :)
    -Please???

    SvarSlett
  2. Me får sjå kva kreativiteten klarar å henta fram ;)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!