mandag 14. november 2011

DIY: Mosekuler og skuleplansje

To favorittar på ein mandag:
Skuleplansjen eg kapra meg før oppussinga av skulen eg var i praksis på og den vakre smileyskåla frå Eva Solo. I like.

Mosekulene i skåla er sjølvlaga, likt som mosehjarta her.
Latterleg enkel framgongsmåte:
- ein god tur i skogen, gjerne med ein firbeint følgesvenn
- litt god mose medbrakt heim frå skogen
- avispapir (eventuelt aluminiumsfolie for å halde forma betre)
- hyssing og eventuelt ståltråd
- Vips, fiks ferdig!

Konglene fann me på veg heim frå skogen. Passar god dei også!

God vekestart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!