lørdag 12. november 2011

Skyggespel

Mørk stove.
Dårleg biletlys.
Fine skuggar.
Hausten er her med alle sine sider.
Lange dagar gir ikkje rom for leik med kamera, 
sjølv om dagane i det siste har vore solfylte.

Eg finn likevel inspirasjon frå skuggane som dansar så naturleg på veggene.
Dei lagar fine siluettar, noko som jo også er ein slags kunst!
Mørket ute skapar god stemning med levande lys og gostemning inne.

Håpar du har fine skuggar heime hos deg,
og at du nyt helga me er inni med ein kopp te!
Det skal eg!

God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!