tirsdag 7. juni 2011

Ut glaset

Har det omtrent berre øst ned i heile dag.
For min del har det berre vore positivt.
Eg forbereder meg til eksamen
(og no er det endeleg den siste for i år)!

Dette biletet syner utsnitt av litt av eksamenen min. Ei oppgåva i tre, med inspirasjon frå norsk kkulturarv, og ein norsk kunstoghandtverker.
Eg laga liksågodt eit nøkkelskap. Eg synest det vart fint!
Spikrane eg har brukt til knaggar har logge ute i det fine vêret (les regnet) i over ein månad for å få dei skikkeleg rusta og fine.
Min mann og hans kameratar berre ler av meg og påfunna mine.
Eg merkar eg har det godt når eg får vera kreativ.
Om enn ein dårleg kreativitet!
Fin tysdag til alle!
(når dagen lir på, her vert det sein natt for å klargjera morgondagen. Men, me trøystar oss med at det straks er ferie!)

3 kommentarer:

  1. Lykke til med eksamenslesing! Stilig knagg med spiker! :)

    Ha en fin dag!
    -Mari

    SvarSlett
  2. Lykke te med eksamen! :)
    Og eg ønske meg bilde av heile nøkkel-skapet!

    Eg har prøvd fleire gonger tidligare å legge inn kommentar te deg, men syns at bloggen din ofte e litt vanskelig å forstå seg på. Det komme opp någe om nye vindu og at det ikkje går an å vise.
    Men nå gjekk det! HURRA:)

    SvarSlett
  3. Mari: Takk for det! Eg vart ganske fornøgd med skapet!

    Brit: Tusen takk! Eg veit bloggen min er litt merkeleg til tider, det er under fiksing (skal bli betre!)
    Tusen takk for kommentarar:) Har jo fått ein før også! Bilde av heile skapet kjem etter eksamen! No er det utstilt på Stord!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!