tirsdag 31. mai 2011

Kreative innslag

..er frå onsdag av å finna i fleng på Stord kulturhus.
Alle studentane i kunstklassen eg går i har stilt ut kvar sitt fordjupningsprosjekt.
Charlotte frå innlegget under har mellom anna stilt ut eit fantastisk glasarbeid.

Inntrykk som kan inspirera til uttrykk.

Mitt innslag er eit fotoprosjekt med bilete frå tema "Nytt liv".

Ikkje alt eg stiller ut er av like god kvalitet, men det er berre å kryssa fingrane for at sensor er glad i å filosofera! Det har vore nokre svært hektiske veker, og det var derfor spanande å sjå kva dei andre i klassen hadde klart å få fram på denne tida.


Sett deg ned, funder over livet og les i ro og fred!

Utstillinga har offisiell opning på onsdag kl. 18.00.

3 kommentarer:

  1. Gler meg te å komma å sjå ka dåke har laga:-)

    SvarSlett
  2. Der er i alle fall mykje spanande, om enn ikkje frå meg! Gle deg til å sjå Charlotte sine bilete, dei er vidunderlege!!

    SvarSlett
  3. Håpe åpningen gjekk bra i går, og at sensor e gla i å filosofera! :)

    Godt å hørra at eg ikkje e den einaste som ikkje har heilt kontroll på lyspæreområdet! Du e heldige som har ein mann som kom og redda deg fra mørket! ;)

    Glede meg te filmkveld!!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!