lørdag 7. mai 2011

DIY: Nytt kjøleskap

Å tapetsera kjøleskapet, er ikkje det heilt normalt?
Eg syns ikkje det skulle by på så mange løfta augnebryn, men min mann synest tydlegvis motsatt! 
 Heldigvis godkjente min firbeinte venn den nye kjøleskapsvarianten med ein gong. Han synest det passa godt til mathjørna sitt!
 Samstundes fekk eg betre vist fram dei fine magnetane frå Kremmerhuset
I like it when it's sparkling!

Drømmekjøleskapet ser igrunn slik ut:
 og er frå Smeg, men eg er stygt redd for at eg må vinna i lotto før det kan bli mitt.. 
Derfor: kvifor ikkje gjera det beste ut av det me har? Det fungerer kanskje berre på ubestemt tid uansett i og med at det er arva frå Stavanger, der det igjen var arva frå ein annan plass. Dette inneberer bulkar og riper som no er skjult bak ein fin tapet. 

Det "nye" fryseskapet fekk same behadnling for ei tid si,
så no må eg kanskje bremsa ned litt før det blir for mykje av det gode:p

Eg er førebels svært fornøgd!


2 kommentarer:

  1. Du har faktisk tapetsert kjøleskapet ditt!! FANTASTISK!!! =D

    SvarSlett
  2. oh, yes! I like! Spørsmålet er: idioti, eller kreativt?

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!