torsdag 5. mai 2011

Mathjørna

  I desse eksamenstider er eg stort sett ein heftig bloggentusiast.
Ikkje berre trålar eg opp og ned andre sine bloggar på nettet, men eg oppdaterer også flittig min eigen!

Min trofaste firbeinte venn har dei siste dagar vore litt snurt for at han ikkje får vera med på denne aktiviteten. Han må jo tross alt vera støtten min gjennom alle pensumbøkene, så no ville han gjerna få visa fram sin stolthet:
Her i huset har det nemleg lenge vore ein trend med skåler frå Bruka design, og for ikkje lenge sidan fekk også Samson ta del i denne motebølga. Med matskål frå Bruka design og matboks frå Kremmerhuset ser mathjørna med eitt mykje meir innbydande ut!

Samson likes!

Mors neste ønskepunkt frå Bruka design er desse fine postkassane. 
Den kan jo vera eit symbol på navneskifte ved inngåing av ekteskapet kanskje!?

Alltid godt med ein unskyldning, for desse er megafine!
I like!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!