onsdag 18. mai 2011

DIY: - Ikkje SKAP deg

.. eg blir så SKUFFA!
Sa kommoden til skapet.

Her er vårt siste innkjøp frå finn.no (som eg forøvrig elskar!)
Eit eigentleg dritstygt skap i ubehandla furu,
held no på å endra uttrykk i garasjen.

Eg likar å sjå at ting tar form og at det blir resultat av timane med malarkosten!
(Sjølv om det er mykje meir arbeid enn eg hadde sett føre meg på førehand. Eg må huska å minna meg sjølv på neste gong eg vil kjøpa noko med glasdører, at dette er ikkje berre litt, men VELDIG vanskeleg å få fint!)

Då eg var ute å handla nye knottar til skapet fann eg ikkje berre ein, men heile tre ulike typar som eg ville ha. I og med at eg er utruleg ustabil i mine avgjersler for tida endte eg sjølvsagt opp med å kjøpa alle tre! Målet er å i alle fall levera tilbake ein av dei!

Kven er finast?
Knottane er forøvrig frå Lisbeth Dahl, som eg er svært forelska i for tida.

I like.


7 kommentarer:

  1. Jeg synes knott 3 var aller finest. Disse skapene kan virkelig få nye liv med maling. Har også sett noen som har tapetsert bakveggen med lekre tapeter.

    SvarSlett
  2. Hei! Tusen takk for tilbakemelding!!

    Ja, den er også blant mine favorittar, fordi den er mest stilrein! Har faktisk også sett desse skapene tapetsert, så når eg blir lei av det enkle, reine, kan jo det vera ein idè for fornying!!

    SvarSlett
  3. Så fint det blir! Mye jobb med så mange hjørner og krinkelkroker.Jeg stemmer på nr. 2 og 3. Lykke til med innspurten :)

    SvarSlett
  4. Hei Anne Lise, og tusen takk for kjekk helsing!

    Ja, det blir fint til slutT! MEN, det kreves ein del tolmod- noko eg diverre ikkje har all verden med! Eg vil det skal bli ferdig fort- helst før malingen er kjøpt inn! No har eg heldigvis berre eitt strøk igjen (pluss litt finpuss på glasa, der eg har vore uheldig med malingssøl..)

    SvarSlett
  5. Et godt stykke arbeid og et nydelig resultat! Eg tror o eg stemme for nr. 3... :)) (så kan du senda dei andre øve fjorden:P)

    SvarSlett
  6. Eg trur eg har bestemt meg for enen 2 eller 3, så då blir da berre den nr 1. som blir sendt øve fjorden (men han va fine den og..!)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!