fredag 20. mai 2011

Hekta på lilla

. og det har gitt resultater etter mange år med samling.

Det heile byrja sjølvsagt då eg skulle flytta for meg sjølv. Ikkje då eg var i USA; for då hadde eg kanskje 2 kvm å boltra meg på (som for det meste bestod av bilete frå heime), men då eg skulle flytta på hybel.
Ferda gjekk først til Stavanger. I Stavanger har dei ein vidunderleg butikk som heiter Indiska. Her kjøpte eg tre små telysestakar som sidan har vore emd på å bestemma uttrykket alle stadene eg har budd etter dette.

I dag har eg mykje lilla.
Kanskje litt for mykje?
Nyinnkjøpt rislampe frå Tiger i Køben og telysehaldar frå Kremmerhuset.
Rislampen ventar på sol og sommar og terrasseparty.
Telysehalderen er i daglegbruk. Takk til Silje.

Skremmande sjokoladeskilde (I like it!),
og vase frå svigermor.

Uskarp Samson i kufjerten sin med lilla fleeceteppe og sofaputer.

Oppbevaring. Heimasnekkra og heimalagra.

I vindauget. Gardiner og potter.

Nydelige (nye) sko og boks. Fiiiiiin!

Og sjølvsagt på badet. Medisinskap og håndkle.

Inspirert til å sjå meir? Check out NiB sine medlemmer si liste over alt lilla.
Eg er tydlegvis ikkje åleine (heldigvis!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!