søndag 1. mai 2011

DIY: Babyproduksjon

Det heile byrja i påsken. Eg skulle henta den aldeles fantastiske nevøen min og hans mor som kom med båten frå Stavanger. Mor er over middels ømfintleg for sjø, og hadde hatt meir enn nok med å halda rampegutt med selskap. Rampegutt lev sjølvsagt opp til namnet sitt, og på den litt over ein time lange turen hadde han klart å gøyma bort den eine tøffelen sin.

Som eit glansbilete av ei tante eg er, tok eg saken i eigne hender. Mor hadde ikkje vore i god nok sjøform til å leita båten rundt etter den forsvunne tøffelen, og eg tenkte at ein tøffel- det skal eg klara å laga. 

 Med god hjelp frå Drops design og mormor på Moster har eg brukt halve påsken og halve veka etter i storproduksjon av babytøffler. Utruleg kjekt når eg får det til, utruleg kjipt når eg ikkje får det til!

 Som resultatet syner var det to par babytøffler klare til avlevering i Stavanger på laurdag, og rampegutt var sjølvsagt storfornøgd!


Alt i alt ei fantastisk helg! 

I like. 

4 kommentarer:

  1. I digg you, tante!<3

    Tøflene e allerde ein hit på lekeplassen, dei e goe å ha, for d e ikkje alltid solå har stått opp kl.8 når eg e ute å føyse!

    Ellers så elske mammaen skribleriene, d e ein fryd å lesa, måtte trekka på smilebåndende oppte flære gonger!:))

    *rampegutten*

    SvarSlett
  2. Da e godt tøflene e komt i bruk! Va redd di sku bli for små:p Ellers så skal tante lera deg å reila når hu kjeme te byn neste gong, ingen føysing på tante sin gullgutt!

    SvarSlett
  3. Ingen har vondt av å væra flerspråklig, men me sette ei grensa med "reila", dvs. tante kan kalla d d, men ingen bestikkelser av Oskar for at han ska gjenta det!:P

    SvarSlett
  4. PS: Tøflene e tipp-topp, om ein ska sei som Mikke Mus i "Playhouse Disney";)

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!