lørdag 9. oktober 2010

Haustvêr

No skal eg straks avgårde og avtjena mi lørdagsplikt på motebutikken Mani; den moderne skobutikk for heile familien! Dagen i dag badar i fullt solskinn, og eg skulle gjerne skrytt på meg at biletet nedanfor var frå den fantastiske morgenturen min. Det er det nok ikkje, men det var det biletet som kunne skildra dagen i dag best.

Ferda i dag går til vakre Moster etter jobb. Mi kjære syster har haustferie og mi kjære mor kan kanskje trenga litt pleie etter operasjon i skuldera. Samson skal vera med, og gler seg til å setja huset på hovudet! Kanskje får me då tid til å gå ein lengre hausttur i dette fabelaktige vêret!

God helg alle saman!

4 kommentarer:

  1. Kjenner eit stikk av savn etter Haugesund når eg les eit slikt innlegg=)
    Håper du får ein flott tur til Moster og ellers rundt omkring i naturen=)

    SvarSlett
  2. turen var svært så fin! Og gjesteboden står klar for å avtjena sin meining som gjestehus for deg når du kjeme te haugesund igjen!!

    SvarSlett
  3. Heidi (& Thomas)!! E det ikje på tide med et nytt innlegg? ;p hihi!

    SvarSlett
  4. det nye innlegget er no komen! Dagens mål: bli ein betre bloggar!

    SvarSlett

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!