torsdag 30. september 2010

Collage modus

På skulen om dagen har me jobba litt med å laga Collage. Me har eksperimentert med ulike typar tekstur, bileter, stoff og maling. Me har hatt dama bak bloggen Spindelmaker som lærar, og hovudet mitt er full av inspirasjon. Legonheten på Svebakktunet har enno ikkje sett noko bilete på sin vegg, så eg tok meg ein tur på Biltema og kjøpte billige lerret, klar for å setja i gong. Det gjenstår no berre eitt problem: frykten for eit stort, kvitt lerret!

I mellomtida har eg komme over ei svært søt side på nettet, via den svært sjarmerande bloggen til Fru Fly, nemleg Happy Home Wall som lagar slike collage bilder. Svært fine! Kanskje nokre av disse kunne fått sin heim i legonheten!?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!